Kulturelt mangfald i ei lærebok for norskfaget
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2839245Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Temaet i denne masteroppgåva er kulturelt mangfald i norskfaget, slik det vert framstilt og mogleg anerkjent i grunnboka NORSK 5. Bakgrunnen for at ei lærebok vart valt som tekstkjelde er at læreboka framleis vert sett på som lærarens viktigaste hjelpemiddel i planlegging og gjennomføring av undervisning. Problemstillinga er: Korleis framstiller ei lærebok for norskfaget kulturelt mangfald, og korleis kan framstillinga bidra til anerkjenning av elevar med ikkje-vestleg bakgrunn? Problemstillinga skal svarast på ved hjelp av element i kritisk diskursanalyse slik Fairclough har utforma den. Læreboka vert analysert under den inste dimensjonen av Faircloughs modell, «sosial hending». Analysekategoriane vart definert på førehand og utforma på to nivå; tematiske kategoriar og diskursive kategoriar. Resultata frå registreringane vert analyserte og diskuterte saman med Honneths teori om anerkjenning og antidiskriminerande undervisning, før eg vidare konkluderer med kva som er dei rådande ideologiane og diskursane i læreboka. Funn frå undersøkinga viser at kulturelt mangfald vert framstilt gjennom heile læreboka, ikkje i eigne kapittel. Dei viser også at fleire av tekstane kan føre til opplevd anerkjenning for elevar med ikkje vestleg bakgrunn. Likevel synest framstillinga av kulturelt mangfald å vere på eit minimumsnivå: Læreboka går sjeldan i djupna når tematikkar kring kulturelt mangfald vert belyst. Den rådande diskursen tilseier at kulturelt mangfald skal synleggjerast, men at sentrale sider ved kulturane sjeldan vert gjort greie for. Dette vitnar om at læreboka ikkje gjer meir enn ho må.
Beskrivelse
Master i Læring og undervisning
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
Innleveringsdato: 01. desember 2021