Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStadheim, Oda
dc.date.accessioned2022-01-25T13:10:35Z
dc.date.available2022-01-25T13:10:35Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2839241
dc.descriptionMaster i læring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett 15.09.2021en_US
dc.description.abstractFøremålet med denne masteroppgåva er å undersøke elevars oppfatning om antimobbeprogrammet PALS har tiltak for å handtere og førebyggje relasjonell aggresjon. Denne forma for mobbing er noko som aukar i skulane. Difor er det viktig at lærarane og andre tilsette i skulen har gode og konkrete arbeidsmåtar for å handtere denne mobbeforma. For å undersøke dette har eg valt å spørje dei som tiltaka rettar seg mot, nemleg elevane. Denne studien byggjer dermed på eit kvalitativt design med fokusgruppeintervju. Elevane går i 8.klasse på ein skule som nyttar PALS. Deira meiningar blir sett opp mot teori om relasjonell aggresjon, føringar frå handbøkene til PALS, tidlegare forsking på antimobbeprogram og forsking på PALS. Gjennom skildringane til elevane ser ein at gjennom sin skulekvardag merkar dei lite til PALS. Når dei har hatt opplevingar med relasjonell aggresjon i klassen har det vore samtalar, både ein og ein og i grupper, som har vore det mest brukte tiltaket, men PALS har ikkje blitt nemnt. Dei meiner at det beste for å arbeide mot og med relasjonell aggresjon er å opprette og oppretthalde gode klassemiljø, men her fell tiltaka frå PALS igjennom. Konklusjonen min er at antimobbeprogrammet PALS treng fleire konkrete tiltak for å kunne jobbe med relasjonell aggresjon, og då helst sikte det inn mot å opprette gode og inkluderande klassemiljø og å gi lærarane og dei andre tilsette opplæring i korleis ein skal ha gode og produktive samtalar med elevane.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectPALSen_US
dc.subjectrelasjonell aggresjonen_US
dc.subjectantimobbeprogramen_US
dc.subjecteleveren_US
dc.titleGrunnskuleelevar si meining og erfaring med PALS og relasjonell aggresjonen_US
dc.title.alternativeStudents’ opinion on and experience with PALS and relational aggression in primary schoolen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber66en_US
dc.description.localcodeMAS3-307en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal