Grunnskuleelevar si meining og erfaring med PALS og relasjonell aggresjon
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2839241Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne masteroppgåva er å undersøke elevars oppfatning om antimobbeprogrammet PALS har tiltak for å handtere og førebyggje relasjonell aggresjon. Denne forma for mobbing er noko som aukar i skulane. Difor er det viktig at lærarane og andre tilsette i skulen har gode og konkrete arbeidsmåtar for å handtere denne mobbeforma. For å undersøke dette har eg valt å spørje dei som tiltaka rettar seg mot, nemleg elevane. Denne studien byggjer dermed på eit kvalitativt design med fokusgruppeintervju. Elevane går i 8.klasse på ein skule som nyttar PALS. Deira meiningar blir sett opp mot teori om relasjonell aggresjon, føringar frå handbøkene til PALS, tidlegare forsking på antimobbeprogram og forsking på PALS. Gjennom skildringane til elevane ser ein at gjennom sin skulekvardag merkar dei lite til PALS. Når dei har hatt opplevingar med relasjonell aggresjon i klassen har det vore samtalar, både ein og ein og i grupper, som har vore det mest brukte tiltaket, men PALS har ikkje blitt nemnt. Dei meiner at det beste for å arbeide mot og med relasjonell aggresjon er å opprette og oppretthalde gode klassemiljø, men her fell tiltaka frå PALS igjennom. Konklusjonen min er at antimobbeprogrammet PALS treng fleire konkrete tiltak for å kunne jobbe med relasjonell aggresjon, og då helst sikte det inn mot å opprette gode og inkluderande klassemiljø og å gi lærarane og dei andre tilsette opplæring i korleis ein skal ha gode og produktive samtalar med elevane.
Beskrivelse
Master i læring og undervisning
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
15.09.2021