Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSvanberg, Kari Mendelejev
dc.date.accessioned2021-12-22T11:42:48Z
dc.date.available2021-12-22T11:42:48Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2835373
dc.descriptionMasteroppgåve i kreative fag og læreprosessar, fagprofil kunst og handverken_US
dc.description.abstractI denne masteroppgåva utforskar eg det fotografiske portrettet gjennom kunstnarisk utviklingsarbeid. Problemstillinga mi er: Kva kan eit fotografisk portrett vera? For å svare på problemstillinga har eg stilt tre ulike forskingsspørsmål. På kva ulike måtar kan ein presentere eit fotografisk portrett? Korleis kan ein serie av fotografiske portrett bidra til å vise fram ulike sider ved ein person? Korleis utfordrar portrettet etiske spørsmål? Det kunstnariske arbeidet er det primære i denne masteroppgåva, og ein føresetnad for den verbale refleksjonen. Det vitskapsteoretiske grunnlaget for arbeidet byggjer på professor Aslaug Nyrnes si topologiske tenking knytt til prosessar i kunst- og handverksfaget (Nyrnes, 2006). Teorien til Nyrnes gir eit retorisk perspektiv som kan fungere strukturerande for ein kritisk refleksjon over eit kunstnarisk utviklingsarbeid. I utforskinga av det fotografiske portrettet har det kunstnariske arbeidet blitt til i dialog mellom tre topoi: mi personlege fotohistorie, teoretiske perspektiv på serien (Nyrnes, 2016) og om portrett som kunstform og medium (Barthes, 2001; Benjamin, 1974; Gundersen, 2018; Gunning; 2020; Maes, 2015) og kunstnariske utfordringar i møte med materiale. Til saman hentar det fram ny kunnskap og har utfordra korleis eg arbeider praktisk og kunstnarisk. Mitt kunstnariske arbeid tek utgangspunkt i fotografi som medium og portrettet som sjanger når eg går inn i utforskinga av kva eit portrett kan vera. Eg arbeider praktisk og utforskande med fotografi og portrett, og produserer ein dokumentert refleksjon parallelt med dette arbeidet. Det kunstnariske arbeidet – kjærleiksbrev I og kjærleiksbrev II - svarer på problemstillinga og dei ulike forskingsspørsmåla i kraft av seg sjølv. Rapporten som følger er ein eksplisitt refleksjon over aspekt ved det kunstnariske arbeidet eg har gjort og vil vere med på å svare på problemstillinga og forskingsspørsmåla verbalt.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleFotografisk portrett: Eit kunstnarisk utviklingsarbeiden_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMACREL-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal