Fotografisk portrett: Eit kunstnarisk utviklingsarbeid
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2835373Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for kunstfag [262]
Sammendrag
I denne masteroppgåva utforskar eg det fotografiske portrettet gjennom kunstnarisk utviklingsarbeid. Problemstillinga mi er: Kva kan eit fotografisk portrett vera? For å svare på problemstillinga har eg stilt tre ulike forskingsspørsmål. På kva ulike måtar kan ein presentere eit fotografisk portrett? Korleis kan ein serie av fotografiske portrett bidra til å vise fram ulike sider ved ein person? Korleis utfordrar portrettet etiske spørsmål?
Det kunstnariske arbeidet er det primære i denne masteroppgåva, og ein føresetnad for den verbale refleksjonen. Det vitskapsteoretiske grunnlaget for arbeidet byggjer på professor Aslaug Nyrnes si topologiske tenking knytt til prosessar i kunst- og handverksfaget (Nyrnes, 2006). Teorien til Nyrnes gir eit retorisk perspektiv som kan fungere strukturerande for ein kritisk refleksjon over eit kunstnarisk utviklingsarbeid. I utforskinga av det fotografiske portrettet har det kunstnariske arbeidet blitt til i dialog mellom tre topoi: mi personlege fotohistorie, teoretiske perspektiv på serien (Nyrnes, 2016) og om portrett som kunstform og medium (Barthes, 2001; Benjamin, 1974; Gundersen, 2018; Gunning; 2020; Maes, 2015) og kunstnariske utfordringar i møte med materiale. Til saman hentar det fram ny kunnskap og har utfordra korleis eg arbeider praktisk og kunstnarisk.
Mitt kunstnariske arbeid tek utgangspunkt i fotografi som medium og portrettet som sjanger når eg går inn i utforskinga av kva eit portrett kan vera. Eg arbeider praktisk og utforskande med fotografi og portrett, og produserer ein dokumentert refleksjon parallelt med dette arbeidet. Det kunstnariske arbeidet – kjærleiksbrev I og kjærleiksbrev II - svarer på problemstillinga og dei ulike forskingsspørsmåla i kraft av seg sjølv. Rapporten som følger er ein eksplisitt refleksjon over aspekt ved det kunstnariske arbeidet eg har gjort og vil vere med på å svare på problemstillinga og forskingsspørsmåla verbalt.
Beskrivelse
Masteroppgåve i kreative fag og læreprosessar, fagprofil kunst og handverk