Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRemme, Hanne Irene Handeland
dc.date.accessioned2021-10-19T07:55:49Z
dc.date.available2021-10-19T07:55:49Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2823794
dc.descriptionMastergrad i spesialpedagogikk, Sogndal Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag Emnekode: MASPED3-303 14.05.2021en_US
dc.description.abstractBakgrunn: Å kjenne tilhøyre og ei oppleving av fellesskap er av stor avgjersle for alle elevar på skulen (Utdanningsdirektoratet, 2019). Barn med autismespekterdiagnosar (ASD) som gjerne har vanskar knytt til både sosial interaksjon og ekspressivt og reseptivt språk (Øzerk & Øzerk, 2020, s. 151), og i tillegg til eventuelle sensoriske og eksekutive vanskar kan oppleve eit sosialt fellesskap som vanskeleg å navigere. Fagfeltet er relativt nytt, og det er difor eit stort behov for å undersøke kva for nokre sentrale vilkår som kan legge føringar for arbeidet kring denne elevgruppa i ordinære klasserom. Tilpassa opplæring og eit tett skule-heim-samarbeid har vist seg som sentrale satsingsområde kring barn med særskilde behov generelt (Webster-Stratton, 2018, s. 450). Problemstilling: «Kva erfarer pedagogar og føresette til elevar med autismespekterdiagnosar (ASD) som sentrale vilkår for ei oppleving fellesskap på skulen?» Metode: Ein kvalitativ studie med empiriske data frå seks informantar, tre pedagogar med arbeidserfaring innan autismespekterdiagnosar og tre føresette til andre barn med same diagnose. Dei individuelle, semistrukturerte intervjua var gjennomført via Zoom grunna covid-19-restriksjonar, og støtta seg til to ulike intervjuguidar. Analysen er gjennomført etter den stegvis-deduktive-induktive metoden sine føringar og retningslinjer (Tjora, 2021), og har resultert i utvikling av tre nye konsept. Resultat: Gjennom analysen vart resultata synleggjort ved hjelp av dei tre konsepta fellesskapsorientert samarbeid, sosial kvalitet og sosialt tilpassa opplæring. Gjennom samtalar mellom pedagog, dei føresette og eleven, må ein forsøke å finne ut kva som er høg sosial kvalitet for det enkelte barnet. Når ein veit kva som skal til for å oppleve høg sosial kvalitet (når eleven sjølv opplever tilstrekkeleg samvere saman med andre, og er tilfreds med relasjonane til vaksne og andre barn), må ein fine pedagogiske løysingar som kan sikre naudsynte tilpassingar og ynskja utvikling. Desse løysingane for å sikre god sosial kvalitet er sosialt tilpassa opplæring (som t.d. undervisning i mindre grupper, eige rom til avslapping på skulen). Prosessen med å uttrykke og diskutere ynskjer og behov, og å finne godt tilpassa løysingar, utgjer det fellesskapsorienterte samarbeidet (konkretisert gjennom t.d. å setje ord på utfordrande situasjonar eller vanskelege tema).en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectASDen_US
dc.subjectautismespekterdiagnoseren_US
dc.subjectautismespekteren_US
dc.subjectfellesskapen_US
dc.subjectopplevelse av fellesskapen_US
dc.subjectsosial kvaliteten_US
dc.subjectsosialt tilpassa opplæringen_US
dc.subjectfellesskapsorientert samarbeiden_US
dc.titleSentrale vilkår for ei oppleving av fellesskap på skulen – ei intervjuundersøking blant pedagogar og føresette til elevar med autismespekterdiagnosar (ASD)en_US
dc.title.alternativeKey conditions for a sense of community at school – an interview survey of teachers and parents of children with Autism Spectrum Disorders (ASD)en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber93en_US
dc.description.localcodeMASPED3-303en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal