Sentrale vilkår for ei oppleving av fellesskap på skulen – ei intervjuundersøking blant pedagogar og føresette til elevar med autismespekterdiagnosar (ASD)
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2823794Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Å kjenne tilhøyre og ei oppleving av fellesskap er av stor avgjersle for alle elevar på skulen (Utdanningsdirektoratet, 2019). Barn med autismespekterdiagnosar (ASD) som gjerne har vanskar knytt til både sosial interaksjon og ekspressivt og reseptivt språk (Øzerk & Øzerk, 2020, s. 151), og i tillegg til eventuelle sensoriske og eksekutive vanskar kan oppleve eit sosialt fellesskap som vanskeleg å navigere. Fagfeltet er relativt nytt, og det er difor eit stort behov for å undersøke kva for nokre sentrale vilkår som kan legge føringar for arbeidet kring denne elevgruppa i ordinære klasserom. Tilpassa opplæring og eit tett skule-heim-samarbeid har vist seg som sentrale satsingsområde kring barn med særskilde behov generelt (Webster-Stratton, 2018, s. 450). Problemstilling: «Kva erfarer pedagogar og føresette til elevar med autismespekterdiagnosar (ASD) som sentrale vilkår for ei oppleving fellesskap på skulen?» Metode: Ein kvalitativ studie med empiriske data frå seks informantar, tre pedagogar med arbeidserfaring innan autismespekterdiagnosar og tre føresette til andre barn med same diagnose. Dei individuelle, semistrukturerte intervjua var gjennomført via Zoom grunna covid-19-restriksjonar, og støtta seg til to ulike intervjuguidar. Analysen er gjennomført etter den stegvis-deduktive-induktive metoden sine føringar og retningslinjer (Tjora, 2021), og har resultert i utvikling av tre nye konsept. Resultat: Gjennom analysen vart resultata synleggjort ved hjelp av dei tre konsepta fellesskapsorientert samarbeid, sosial kvalitet og sosialt tilpassa opplæring. Gjennom samtalar mellom pedagog, dei føresette og eleven, må ein forsøke å finne ut kva som er høg sosial kvalitet for det enkelte barnet. Når ein veit kva som skal til for å oppleve høg sosial kvalitet (når eleven sjølv opplever tilstrekkeleg samvere saman med andre, og er tilfreds med relasjonane til vaksne og andre barn), må ein fine pedagogiske løysingar som kan sikre naudsynte tilpassingar og ynskja utvikling. Desse løysingane for å sikre god sosial kvalitet er sosialt tilpassa opplæring (som t.d. undervisning i mindre grupper, eige rom til avslapping på skulen). Prosessen med å uttrykke og diskutere ynskjer og behov, og å finne godt tilpassa løysingar, utgjer det fellesskapsorienterte samarbeidet (konkretisert gjennom t.d. å setje ord på utfordrande situasjonar eller vanskelege tema).
Beskrivelse
Mastergrad i spesialpedagogikk, Sogndal Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag Emnekode: MASPED3-303
14.05.2021