Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMuren, Maria
dc.date.accessioned2021-09-23T13:19:40Z
dc.date.available2021-09-23T13:19:40Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2780801
dc.descriptionMaster i læring og undervisning Avdeling for lærarutdanning, kultur og idrett Studiestad Sogndalen_US
dc.description.abstractDenne studien undersøker nettbrett som reiskap i den første lese- og skriveopplæringa. På bakgrunn av at stadig fleire skular innfører 1:1-forhold med digitale verktøy, altså at kvar elev har kvart sitt personlege nettbrett, blei eg nysgjerrig på korleis lærarar opplever at teknologien pregar skulekvardagen. Føremålet med studien er dermed å utforske korleis lærarar opplever 1:1-forhold med nettbrett til arbeid med lesing og skriving ut frå følgande problemstilling: «Korleis opplever eit utval lærarar nettbrett som reiskap i den første lese- og skriveopplæringa?». For å utforske problemstillinga har eg studert kvalitative data som er samla inn gjennom intervju som forskingsmetode. Datamaterialet vart analysert med fokus på likskapar og skilnadar i informantane sine utsegner, med utgangspunkt i problemstillinga. Mine hovudresultat viser at nettbrett blir nytta i større grad til arbeid med skriving enn til lesing i byrjaropplæringa. Vidare finn studien at det er ulike tidspunkt for når lærarane vel å starte med handskrift, ettersom nokre vel å utsette handskrifta til 2. trinn. Resultata peikar òg mot at digitale verktøy har ført til ei endring av læraren si rolle i klasserommet, i form av at det både har blitt enklare og meir effektivt å gje elevane tilpassa opplæring. Desse hovudresultata har blitt diskutert opp mot det fagpolitiske og teoretiske rammeverket som ligg til grunn for studien.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleNettbrett som reiskap i den første lese- og skriveopplæringaen_US
dc.title.alternativeTablets as tools in early reading and writing instructionen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMAS3-307en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal