Nettbrett som reiskap i den første lese- og skriveopplæringa
Abstract
Denne studien undersøker nettbrett som reiskap i den første lese- og skriveopplæringa. På bakgrunn av at stadig fleire skular innfører 1:1-forhold med digitale verktøy, altså at kvar elev har kvart sitt personlege nettbrett, blei eg nysgjerrig på korleis lærarar opplever at teknologien pregar skulekvardagen. Føremålet med studien er dermed å utforske korleis lærarar opplever 1:1-forhold med nettbrett til arbeid med lesing og skriving ut frå følgande problemstilling: «Korleis opplever eit utval lærarar nettbrett som reiskap i den første lese- og skriveopplæringa?».
For å utforske problemstillinga har eg studert kvalitative data som er samla inn gjennom intervju som forskingsmetode. Datamaterialet vart analysert med fokus på likskapar og skilnadar i informantane sine utsegner, med utgangspunkt i problemstillinga. Mine hovudresultat viser at nettbrett blir nytta i større grad til arbeid med skriving enn til lesing i byrjaropplæringa. Vidare finn studien at det er ulike tidspunkt for når lærarane vel å starte med handskrift, ettersom nokre vel å utsette handskrifta til 2. trinn. Resultata peikar òg mot at digitale verktøy har ført til ei endring av læraren si rolle i klasserommet, i form av at det både har blitt enklare og meir effektivt å gje elevane tilpassa opplæring. Desse hovudresultata har blitt diskutert opp mot det fagpolitiske og teoretiske rammeverket som ligg til grunn for studien.
Description
Master i læring og undervisning Avdeling for lærarutdanning, kultur og idrett
Studiestad Sogndal