Plugged og unplugged programmering i matematikk : Eit kvasieksperiment
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2780699Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne masteroppgåva var å undersøke korleis programmering analogt (unplugged), kontra digitalt (plugged) påverkar elevar si evne til algoritmisk tenking og problemløysing i matematikk. Prosjektet har eit kvasi-eksperimentelt design der utvalet er 17 elevar på niande trinn. Deltakarane deltok i ein intervensjon, der det vart gjennomført eit undervisningsopplegg over to veker. Før intervensjonen vart elevane delte i to randomiserte grupper, der den eine gruppa jobba med programmering med digitale verktøy (plugged-gruppa), medan den andre gruppa jobba med programmering utan digitale verktøy (unplugged-gruppa). I forkant og i etterkant av intervensjonen gjennomførte elevane ein pre- og post-test, samt ein pre- og post-survey. Med utgangspunkt i forskingsspørsmålet: Korleis påverkar programmering analogt (unplugged) kontra digitalt (plugged) elevane si evne til algoritmisk tenking og problemløysing i matematikk?, vart kvantitative data innhenta utifrå ulike variablar som er sentrale innanfor teori kring algoritmisk tenking og problemløysing. Det vart også gjennomført observasjonar undervegs i intervensjonen som dannar eit grunnlag for drøftinga saman med talmateriale frå testane og survey. Utvalet i dette prosjektet er lite, og det vart difor vanskeleg å konkludere endeleg med dei funna som kom fram gjennom prosjektet. Ein kan likevel sjå nokre tendensar som kan vere spennande å forske vidare på. Dei mest sentrale tendensane er at elevane som programmerte plugged, hadde større framgang kring elementa kreativitet, samarbeid og logisk tenking.
Beskrivelse
Masteroppgåve i læring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett/Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag