Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAga, Mona
dc.date.accessioned2021-08-04T11:16:56Z
dc.date.available2021-08-04T11:16:56Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2766182
dc.descriptionMaster i kreative fag og læreprosessar, kunst og handverk, Høgskulen på Vestlandet, campus Storden_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva handlar om teiknedidaktikk i begynnaropplæringa. Gjennom studien har eg studert korleis eg kan bidra til nye perspektiv på teiknedidaktikken gjennom teikneseriemediet på sjuande trinn. Problemstillinga for forskingsarbeidet er todelt: Korleis kan eg utvikla ein prosessorientert og oppdagingsorientert metodikk for undervisning i teikneseriemediet i begynnaropplæringa? Kva former for støtte nyttar elevane gjennom teikneserieverkstaden for å kommunisera ein bodskap og utvikla sitt visuelle blikk? Bakgrunnen for prosjektet er at eg ønskjer å bidra til kunnskap om variert bruk av teiknesjangrar i klasserommet og korleis denne aktiviteten kan støttast. I tillegg vil eg setje teikninga inn i ein kontekst som er meiningsfull for elevane. Det teoretiske bakteppet for forskinga bygger på teiknedidaktikk gjennom eit sosiokulturelt læringssyn, der også semiotikk og teikneserie står sentralt. I tillegg blir Malcolm Ross (1978) sin modell for undervisning i kunstfag viktig for utvikling av eit undervisningsopplegg. Den kvalitative metoden og aksjonsforsking er valt for å gå i djupna på ein klasseromssituasjon. Vidare vil forskarlogg, feltnotat frå observasjon og intervju av forskingsdeltakarar vere strategiar for datainnsamling. Gjennom ein hermeneutisk tilnærming til empirien har eg fortolka og analysert empirien for å få ei forståing av materialet. Slik har eg fått ei forståing for det som gjentek seg og trer fram som viktig for å svare på problemstillinga. Funna viser at mitt forarbeid med utval av teikneseriar sett saman til eit bibliotek, vart nyttige kulturelle reiskapar i undervisninga. Eit meiningsfortetta og overdrive kroppsspråk var særtrekk ved teikneseriemediet som elevane oppdaga. Dette var med på å styrka deira visuelle blikk gjennom undervisningsopplegget. Gjennom variasjon og progresjon i undervisningsopplegget hadde elevane ei leikande og fabulerande tilnærming til teikneøvingar. Støttestrategiar vart aktivt nytta i elevane sin arbeidsprosess med å kommunisera ein bodskap med teikning. Med masterarbeidet mitt håper eg å bidra med kunnskap som kan utvida teiknepraksisen i begynnaropplæringa.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleEin teikneserieverkstad: Eit aksjonsforskingsopplegg på 7. trinn med vekt på å kommunisere ein bodskap og utvikle eit visuelt blikken_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMACREL-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal