Ein teikneserieverkstad: Eit aksjonsforskingsopplegg på 7. trinn med vekt på å kommunisere ein bodskap og utvikle eit visuelt blikk
Master thesis
View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for kunstfag [299]
Abstract
Denne masteroppgåva handlar om teiknedidaktikk i begynnaropplæringa. Gjennom studien har eg studert korleis eg kan bidra til nye perspektiv på teiknedidaktikken gjennom teikneseriemediet på sjuande trinn. Problemstillinga for forskingsarbeidet er todelt: Korleis kan eg utvikla ein prosessorientert og oppdagingsorientert metodikk for undervisning i teikneseriemediet i begynnaropplæringa?
Kva former for støtte nyttar elevane gjennom teikneserieverkstaden for å kommunisera ein bodskap og utvikla sitt visuelle blikk?
Bakgrunnen for prosjektet er at eg ønskjer å bidra til kunnskap om variert bruk av teiknesjangrar i klasserommet og korleis denne aktiviteten kan støttast. I tillegg vil eg setje teikninga inn i ein kontekst som er meiningsfull for elevane.
Det teoretiske bakteppet for forskinga bygger på teiknedidaktikk gjennom eit sosiokulturelt læringssyn, der også semiotikk og teikneserie står sentralt. I tillegg blir Malcolm Ross (1978) sin modell for undervisning i kunstfag viktig for utvikling av eit undervisningsopplegg.
Den kvalitative metoden og aksjonsforsking er valt for å gå i djupna på ein klasseromssituasjon. Vidare vil forskarlogg, feltnotat frå observasjon og intervju av forskingsdeltakarar vere strategiar for datainnsamling.
Gjennom ein hermeneutisk tilnærming til empirien har eg fortolka og analysert empirien for å få ei forståing av materialet. Slik har eg fått ei forståing for det som gjentek seg og trer fram som viktig for å svare på problemstillinga.
Funna viser at mitt forarbeid med utval av teikneseriar sett saman til eit bibliotek, vart nyttige kulturelle reiskapar i undervisninga. Eit meiningsfortetta og overdrive kroppsspråk var særtrekk ved teikneseriemediet som elevane oppdaga. Dette var med på å styrka deira visuelle blikk gjennom undervisningsopplegget. Gjennom variasjon og progresjon i undervisningsopplegget hadde elevane ei leikande og fabulerande tilnærming til teikneøvingar. Støttestrategiar vart aktivt nytta i elevane sin arbeidsprosess med å kommunisera ein bodskap med teikning.
Med masterarbeidet mitt håper eg å bidra med kunnskap som kan utvida teiknepraksisen i begynnaropplæringa.
Description
Master i kreative fag og læreprosessar, kunst og handverk, Høgskulen på Vestlandet, campus Stord