Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHolvik, Clara Jonassen
dc.date.accessioned2021-08-04T08:07:51Z
dc.date.available2021-08-04T08:07:51Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2766109
dc.descriptionIKT i læring, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractDet overordna temaet i denne masteroppgåva er erfaringar lærarane har kring implementering av Chromebook i innføringsklassar. Bakgrunnen for val av tema er det pågåande fokuset på korleis ein skal legge til rette for å hjelpe nyankomne elevar til å fullføre vidaregåande opplæring. Utdanning vert løfta fram som ein nøkkel til integrering. I samband med dette fokuset valte ein fylkeskommune å dele ut gratis Chromebook til nyankomne elevar i nokre innføringsklassar. Oppgåva byggjer på fylgjande problemstilling: Kva erfaringar har lærarane kring implementeringa av Chromebook for nyankomne elevar i innføringsklassar? For å gå djupare i problemstillinga vart to forskingsspørsmål nytta. Det teoretiske grunnlaget i masteroppgåva byggjer på Vygotsky sin sosiokulturelle læringsteori, samt Lave og Wenger sin teori om situert læring knytt til praksisfellesskap. Ulike teoriar og forsking kring klasseleiing, interkulturell pedagogikk og inkludering i skulen er sentralt i oppgåva. TPACK-modellen og Krumsvik sin digitale didaktikkmodell vert nytta som teoretisk bakgrunn kring implementeringa av digitale verktøy i undervisninga. Kvalitativ forskingsmetode med hermeneutisk tilnærming vart nytta for å få svar på problemstillinga. Empirien er basert på semistrukturerte intervju av fire lærarar i innføringsklassar ved ein vidaregåande skule. Funn frå intervjua viser at lærarane har positive erfaringar kring implementeringa av Chromebook, men dei ynskjer meir organisert opplæring, då dei erfarer at dei ikkje gjer nok nytte av alle ressursane og moglegheitene som Chromebook gir. Dei har sjølv ansvar for elevane si opplæring i verktøyet, noko dei finn utfordrande på grunn av særs ulike digitale ferdigheiter i elevgruppa. Lærarane erfarer at Chromebook bidreg til å gjere undervisninga meir variert, det vert lettare å differensiere og legge til rette for at elevane kan utvikle digitale ferdigheiter. Dei legg vekt på dei nye moglegheitene Chromebook gir kring samarbeid og kommunikasjon, både i skule og fritid. Arbeidet med interkulturell pedagogikk og inkludering vart òg lettare. Sosioøkonomiske forskjellar vart redusert, og elevane kan lettare delta i den digitale ungdomskulturen og samfunnet elles. Lærarane erfarer at Chromebook gjer at elevane kan arbeide meir sjølvstendig, ved å nytte seg av ulike søkjemotorar og digitale ressursar verktøyet inneheld. Dermed vert det frigitt tid for lærarane til å fylgje elevane tettare i undervisningssituasjonen. Chromebook gjer at det er lettare for elevane å delta på digital undervisning. Det er òg lettare for elevane å tileigne seg digital kunnskap ved å bruke Chromebook, som er eit enkelt digitalt verktøy å handtere. Oppgåva konkluderer med at lærarane erfarer at implementeringa av Chromebook er hensiktsmessig. Chromebook lettar arbeidet med kunnskapsformidling, klasseleiing og inkludering i innføringsklassane, samt at Chromebook gjer at nyankomne elevar lettare utviklar digitale ferdigheiter, og vert betre rusta for vidare utdanning og deltaking i samfunnet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleNyankomne elevar og IKTen_US
dc.title.alternativeNewly arrived students and ICTen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal