Nyankomne elevar og IKT
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2766109Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Det overordna temaet i denne masteroppgåva er erfaringar lærarane har kring
implementering av Chromebook i innføringsklassar. Bakgrunnen for val av tema er det
pågåande fokuset på korleis ein skal legge til rette for å hjelpe nyankomne elevar til å
fullføre vidaregåande opplæring. Utdanning vert løfta fram som ein nøkkel til
integrering. I samband med dette fokuset valte ein fylkeskommune å dele ut gratis
Chromebook til nyankomne elevar i nokre innføringsklassar. Oppgåva byggjer på
fylgjande problemstilling: Kva erfaringar har lærarane kring implementeringa av
Chromebook for nyankomne elevar i innføringsklassar? For å gå djupare i
problemstillinga vart to forskingsspørsmål nytta. Det teoretiske grunnlaget i
masteroppgåva byggjer på Vygotsky sin sosiokulturelle læringsteori, samt Lave og
Wenger sin teori om situert læring knytt til praksisfellesskap. Ulike teoriar og forsking
kring klasseleiing, interkulturell pedagogikk og inkludering i skulen er sentralt i
oppgåva. TPACK-modellen og Krumsvik sin digitale didaktikkmodell vert nytta som
teoretisk bakgrunn kring implementeringa av digitale verktøy i undervisninga.
Kvalitativ forskingsmetode med hermeneutisk tilnærming vart nytta for å få svar på
problemstillinga. Empirien er basert på semistrukturerte intervju av fire lærarar i
innføringsklassar ved ein vidaregåande skule. Funn frå intervjua viser at lærarane har
positive erfaringar kring implementeringa av Chromebook, men dei ynskjer meir
organisert opplæring, då dei erfarer at dei ikkje gjer nok nytte av alle ressursane og
moglegheitene som Chromebook gir. Dei har sjølv ansvar for elevane si opplæring i
verktøyet, noko dei finn utfordrande på grunn av særs ulike digitale ferdigheiter i
elevgruppa. Lærarane erfarer at Chromebook bidreg til å gjere undervisninga meir
variert, det vert lettare å differensiere og legge til rette for at elevane kan utvikle digitale
ferdigheiter. Dei legg vekt på dei nye moglegheitene Chromebook gir kring samarbeid
og kommunikasjon, både i skule og fritid. Arbeidet med interkulturell pedagogikk og
inkludering vart òg lettare. Sosioøkonomiske forskjellar vart redusert, og elevane kan
lettare delta i den digitale ungdomskulturen og samfunnet elles. Lærarane erfarer at
Chromebook gjer at elevane kan arbeide meir sjølvstendig, ved å nytte seg av ulike
søkjemotorar og digitale ressursar verktøyet inneheld. Dermed vert det frigitt tid for
lærarane til å fylgje elevane tettare i undervisningssituasjonen. Chromebook gjer at det
er lettare for elevane å delta på digital undervisning. Det er òg lettare for elevane å
tileigne seg digital kunnskap ved å bruke Chromebook, som er eit enkelt digitalt verktøy
å handtere. Oppgåva konkluderer med at lærarane erfarer at implementeringa av
Chromebook er hensiktsmessig. Chromebook lettar arbeidet med kunnskapsformidling,
klasseleiing og inkludering i innføringsklassane, samt at Chromebook gjer at
nyankomne elevar lettare utviklar digitale ferdigheiter, og vert betre rusta for vidare
utdanning og deltaking i samfunnet.
Beskrivelse
IKT i læring,
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett,
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag