dc.contributor.author | Yndestad, Kjersti | |
dc.date.accessioned | 2015-02-16T07:48:58Z | |
dc.date.available | 2015-02-16T07:48:58Z | |
dc.date.issued | 2014 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/276308 | |
dc.description | Barnehagelærarutdanning
BLU3-1006
Desember, 2014 | nb_NO |
dc.description.abstract | I denne oppgåva er temaet kartlegging og spesialpedagogikk. Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver (Kunnskapsdepartementet [KD], 2011) nemner spesialpedagogikk fire gonger, men seier ikkje noko om kva spesialpedagogisk arbeid i barnehagen handlar om. Kartlegging er heller ikkje eit mykje omtalt tema i rammeplanen. Berre ein gong er ordet kartlegging nemnt i, i setninga: «Videre er helsestasjonen sentral i kartlegging av barns språk» (KD, 2011, s. 60). Likevel er kartlegging dei siste åra blitt ein meir og meir sentral del av kvardagen i barnehagen.
Føremålet med oppgåva er dermed å finne ut meir om kvifor kartlegging i barnehagen er så sentralt. I løpet av dei to første åra som barnehagelærarstudent har eg i praksis fått oppleve at ingen barn i barnehagen har dei same behova og at kvar enkelt barnehagelærar har ein enorm jobb med å planlegge og legge til rette kvardagen og særskilde aktivitetar slik at dei høver for alle barna i barnegruppa. Dette er eitt tema eg veit eg som framtidig barnehagelærar vil ha stort behov for å ha kunnskap om, samt eit tema eg synast er svært interessant. På bakgrunn av det eg har erfart rundt tema spesialpedagogikk og kartlegging enda eg opp med problemstillinga: «Kvifor kartlegg vi barn i barnehagen og kva fører eit auka fokus på kartlegging til?» | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.subject | kartlegging | nb_NO |
dc.subject | spesialpedagogikk | nb_NO |
dc.subject | spesialpedagogiske tiltak | nb_NO |
dc.subject | foreldresamarbeid | nb_NO |
dc.subject | barnehage | nb_NO |
dc.title | «Kartlegging av barn i barnehagen» : ei bacheloroppgåve om kartlegging av barn i barnehagen | nb_NO |
dc.title.alternative | Mapping out children in kindergarten. A bachelor thesis about mapping in kindergarten | nb_NO |
dc.type | Bachelor thesis | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 46 | nb_NO |