«Kartlegging av barn i barnehagen» : ei bacheloroppgåve om kartlegging av barn i barnehagen
Abstract
I denne oppgåva er temaet kartlegging og spesialpedagogikk. Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver (Kunnskapsdepartementet [KD], 2011) nemner spesialpedagogikk fire gonger, men seier ikkje noko om kva spesialpedagogisk arbeid i barnehagen handlar om. Kartlegging er heller ikkje eit mykje omtalt tema i rammeplanen. Berre ein gong er ordet kartlegging nemnt i, i setninga: «Videre er helsestasjonen sentral i kartlegging av barns språk» (KD, 2011, s. 60). Likevel er kartlegging dei siste åra blitt ein meir og meir sentral del av kvardagen i barnehagen.
Føremålet med oppgåva er dermed å finne ut meir om kvifor kartlegging i barnehagen er så sentralt. I løpet av dei to første åra som barnehagelærarstudent har eg i praksis fått oppleve at ingen barn i barnehagen har dei same behova og at kvar enkelt barnehagelærar har ein enorm jobb med å planlegge og legge til rette kvardagen og særskilde aktivitetar slik at dei høver for alle barna i barnegruppa. Dette er eitt tema eg veit eg som framtidig barnehagelærar vil ha stort behov for å ha kunnskap om, samt eit tema eg synast er svært interessant. På bakgrunn av det eg har erfart rundt tema spesialpedagogikk og kartlegging enda eg opp med problemstillinga: «Kvifor kartlegg vi barn i barnehagen og kva fører eit auka fokus på kartlegging til?»
Description
Barnehagelærarutdanning
BLU3-1006
Desember, 2014