Bruk av skulebiblioteket i leseopplæring – Ei kvalitativ undersøking av lærarars perspektiv på rolla til skulebiblioteket i arbeidet med lesing på mellomtrinnet
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2761683Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne studien er å undersøke om, og korleis, skulebiblioteket blir brukt i leseopplæringa på mellomtrinnet. Lesing er ei viktig ferdigheit som skal lærast i skulen, og sidan skulebiblioteket ofte utgjer kjernen i skulen sitt lesemiljø, kan det vere ein viktig arena for leseopplæringa. Datamaterialet blei samla inn gjennom kvalitative intervju med seks lærarar. Hovudfunna syner at lærarane var positive til skulebiblioteket og meinte det hadde ei viktig rolle i leseopplæringa. Likevel nyttar dei skulebiblioteket i liten grad. Alle lærarane driv med systematisk leseopplæring, men dei legg lite vekt på å bruke sjølve bibliotekrommet i leseopplæringa. Dermed blir ikkje skulebiblioteket utnytta som den læringsarenaen det kunne vore. Nokre av grunnane til dette, kan vere at fleire av lærarane har lite utval bøker på skulebiblioteket, og at fleire har skulebibliotekar med låg stillingsprosent. Dette er viktige faktorar for at eit skulebibliotek skal fungere som ein læringsarena. I 2019 blei det foreslått å erstatte ordet «skulebibliotek» med «bibliotek» i den nye opplæringslova. Dette gjev kommunar fridom til å legge ned skulebibliotek, så lenge det finst eit anna bibliotektilbod i kommunen. Dette er det delte meiningar om. Alle lærarane meinte det ville blitt meir utfordrande å få teke i bruk biblioteket om det ikkje ligg på skuleområdet.
Beskrivelse
Master i læring og undervising
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett/Institutt for pedagogikk, religion og
samfunnsfag/MAS3-307
Innleveringsdato: 28.05.2021