Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAahaug, Kristine Hoff
dc.date.accessioned2020-12-22T08:08:28Z
dc.date.available2020-12-22T08:08:28Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2720690
dc.descriptionMaster i barnehagekunnskap, campus Bergen 2020en_US
dc.description.abstract«Barnehagekraft» - ei kvalitativ studie av barne- og barnehagenære tilnærmingar til berekraftig utdanning i barnehagen Bakgrunn og forskingsspørsmål: Barnehagen si rolle i berekraftig utdanning har fått auka internasjonal og nasjonal merksemd, men forskings- og kunnskapsgrunnlaget er relativt mangfaldig og ungt. Kva som kan vere relevante, barne- og barnehagenære tilnærmingar til berekraftig utdanning, er følgjeleg ein pågåande debatt. Masterprosjektet sitt formål er både å bidra med empirisk forsking inn i denne debatten, og å undersøke kva som kan sjåast som berekraftig utdanning i barnehagen i eit her og no perspektiv. Dette utleia forskingsspørsmålet «korleis kan barn og personalet sine ytringar og gjeremål sjåast som berekraftig utdanning i barnehagen?». Teoretisk perspektiv: Masterprosjektet er inspirert av Ødegaard og Kruger (2012) si tilnærming til sosialepistemologiske perspektiv og danning, og tek utgangspunkt i at leikematerial kan studerast som eitt vilkår for danning i barnehagen. Berekraftig utdanning har vidare blitt tolka i lys ei barne- og barnehagenær tilnærming til FN sine fire dimensjonar for berekraft (Sachs, 2013;Grindheim et. al., 2020). Metode og datamateriale: Prosjektet var strukturert som eit enkeltcase studie og det blei nytta metodetriangulering for å innhente data, i form av observasjon, barnesamtalar og fokus-gruppe intervju med personalet. Funn: Analysen og funn i studien blei strukturert i to hovudkategoriar; «barn sine leikande uttrykk med leikematerial» og «meiningsskaping om styresettet kring leikematerial». Sentrale funn viser at det kunne sporast uttrykk for fleire, og i nokre aktivitetar, samlege dimensjonar for berekraft til barna og personalet sine ytringar og gjeremål med leikematerial. Konklusjon: Funn i masterprosjektet syner at barna sin leik med leikematerial kunne tolkast som ei barne- og barnehagenær tilnærming til berekraftig utdanning. I tillegg fann prosjektet at personalet og informantavdelinga sitt styresett kring leikematerial, forstått som innhald, arbeidsmetodar, regler og rutine, kunne tolkast som eit berekraftig styresett. Med utgangspunkt i desse funna meiner eg det kan det stillast spørsmål om det er andre vilkår i barnehagen som kan sjåast som berekraftig utdanning.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title«Barnehagekraft?» Ei kvalitativ studie av barne- og barnehagenære tilnærmingar til berekraftig utdanningen_US
dc.title.alternative«Kindergarten-power?» A qualitative study of child- and kindergarten centred approaches to sustainable education in early childhood educationen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber82en_US
dc.description.localcodeMBA507en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal