«Barnehagekraft?» Ei kvalitativ studie av barne- og barnehagenære tilnærmingar til berekraftig utdanning
Abstract
«Barnehagekraft» - ei kvalitativ studie av barne- og barnehagenære tilnærmingar til berekraftig utdanning i barnehagen
Bakgrunn og forskingsspørsmål: Barnehagen si rolle i berekraftig utdanning har fått auka internasjonal og nasjonal merksemd, men forskings- og kunnskapsgrunnlaget er relativt mangfaldig og ungt. Kva som kan vere relevante, barne- og barnehagenære tilnærmingar til berekraftig utdanning, er følgjeleg ein pågåande debatt. Masterprosjektet sitt formål er både å bidra med empirisk forsking inn i denne debatten, og å undersøke kva som kan sjåast som berekraftig utdanning i barnehagen i eit her og no perspektiv. Dette utleia forskingsspørsmålet «korleis kan barn og personalet sine ytringar og gjeremål sjåast som berekraftig utdanning i barnehagen?».
Teoretisk perspektiv: Masterprosjektet er inspirert av Ødegaard og Kruger (2012) si tilnærming til sosialepistemologiske perspektiv og danning, og tek utgangspunkt i at leikematerial kan studerast som eitt vilkår for danning i barnehagen. Berekraftig utdanning har vidare blitt tolka i lys ei barne- og barnehagenær tilnærming til FN sine fire dimensjonar for berekraft (Sachs, 2013;Grindheim et. al., 2020).
Metode og datamateriale: Prosjektet var strukturert som eit enkeltcase studie og det blei nytta metodetriangulering for å innhente data, i form av observasjon, barnesamtalar og fokus-gruppe intervju med personalet.
Funn: Analysen og funn i studien blei strukturert i to hovudkategoriar; «barn sine leikande uttrykk med leikematerial» og «meiningsskaping om styresettet kring leikematerial». Sentrale funn viser at det kunne sporast uttrykk for fleire, og i nokre aktivitetar, samlege dimensjonar for berekraft til barna og personalet sine ytringar og gjeremål med leikematerial.
Konklusjon: Funn i masterprosjektet syner at barna sin leik med leikematerial kunne tolkast som ei barne- og barnehagenær tilnærming til berekraftig utdanning. I tillegg fann prosjektet at personalet og informantavdelinga sitt styresett kring leikematerial, forstått som innhald, arbeidsmetodar, regler og rutine, kunne tolkast som eit berekraftig styresett. Med utgangspunkt i desse funna meiner eg det kan det stillast spørsmål om det er andre vilkår i barnehagen som kan sjåast som berekraftig utdanning.
Description
Master i barnehagekunnskap, campus Bergen
2020