Forskjellar i elevar sine meistringsforventingar knytt til kjønn og alder
Abstract
Føremålet med denne studia er å undersøke om det er ein samanheng mellom elevar på 5. og 10. trinn sine meistringsforventingar for å lære matematikk, og kjønnet og alderen til elevane, samt om det er ein samanheng mellom eventuelle kjønnsforskjellar og alderen til elevane. Datamaterialet blei samla inn ved bruk av ei digital spørjeundersøking av 30 elevar på 5. trinn og 73 elevar på 10. trinn (N=103). Spørjeundersøkinga er ein tilpassa versjon av ei tidlegare validert spørjeundersøking, der elevane svarte på spørsmål om deira meistringsforventingar for å lære matematikk i løpet av dei følgande matematikktimane. Eg brukte deskriptive analysar og regresjonsanalysar (ANOVA) for å svare på forskingsspørsmåla. Dei deskriptive analysane viste at jentene hadde høgare meistringsforventingar enn gutane, samt at dei eldste elevane hadde høgare meistringsforventingar enn dei yngre. Det vart funne tendens til større kjønnsforskjellar blant dei eldste elevane samanlikna med dei yngste. Resultatet frå ANOVAanalysane viste at det ikkje var nokre signifikante samanhengar mellom elevane sine meistringsforventingar og kjønnet eller alderen deira, og dermed heller ingen interaksjonseffekt med tanke på elevane sine meistringsforventingar opp i mot kjønn og alder. Funna i studia gjekk i mot ein del tidlegare, internasjonal, forsking, samt hypotesane som blei formulert i studia. Dette kan skuldast svarprosenten i utvalet, og at deltakarane ikkje var representative for populasjonen. Samstundes vert funna tolka i lys av ei tidlegare studie, som fant variasjonar i elevar sine kjønnsforskjellar mellom ulike regionar i Noreg. Det er difor mogleg at mangelen på kjønnsforskjellar i mi studie er reelle.
Description
Master i læring og undervisning
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
02.06.2020