Perspektiv på djupnelæring: ein analyse av korleis djupnelæringsomgrepet blir brukt i ein sentral mediedebatt før fagfornyinga
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2670640Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne undersøkinga har eg undersøkt omgrepet djupnelæring i fagfornyingskonteksten og vist korleis dette blir forstått på ulikt vis av personar med makt og innflyting innanfor skule og utdanning. Datagrunnlaget består av åtte kronikkar frå Morgenbladet i 2018 og 2019, ein debatt som føregjekk rett i forkant av lanseringa av læreplanreforma fagfornyinga. Ved hjelp av metodologiske prinsipp frå idéanalyse, abduktiv tenking og retorikkanalyse har eg analysert forfattarane sine forståingar av kva djupnelæring er og bør vere. Eg har funne at debatten om djupnelæring kan kategoriserast i fire underdebattar: Om kva djupnelæring er, korleis djupnelæring skal praktiserast, kven som er legitime premissleverandørar og kvifor ein skal drive djupnelæring. Ved å løfte opp sentrale poeng innanfor desse underdebattane og drøfte dei i lys av teoretisk djupnelæringslitteratur, policydokument og anna relevant fagstoff har eg funne at omgrepet blir debattert i hovudsak frå to perspektiv: 1) Perspektiv som har grunnlag i den internasjonale forskingsdiskursen. 2) Perspektiv som har grunnlag i personlege meiningar og erfaringar, dessutan popularisert litteratur om djupnelæring. At samfunnsdebatten har utgangpunkt i ulike perspektiv gjer at omgrepsbruken peikar i ulike retningar. Dette gjer at relevansen av og innhaldet i omgrepet blir oppfatta som utydeleg og upresis, og det kan gi utfordringar for samhandlinga mellom myndigheitene og praksisfeltet. Det kan og føre til vanskar for dei som skal gjere det abstrakte omgrepet om til konkret undervisning.
Beskrivelse
Master i læring og undervising
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
15.05.2020