Tverrfagleg innovasjonscamp for ingeniør- og sjukepleiestudentar ved campus Førde
Abstract
Læringsutbyttebeskrivelsar frå nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring seier at studentane skal kjenne til nytenking, entreprenørskap og innovasjonsprosessar. HVL arrangerer i samarbeid med Ungt Entreprenørskap tverrfagleg innovasjonscamp for sjukepleie- og ingeniørstudentar årleg.
Evalueringsstudien viser at studentane manglar ei felles forståing for omgrepet innovasjon og at det tverrfaglege samarbeidet vert utfordra ved manglande kjennskap til den andre profesjonen sin kompetanse. Studentane erfarte også at oppdraga var for lite opne og at dei ikkje vart utfordra nok på kreativ tenking. Av gode erfaringar nemner studentane at tverrfagleg samarbeid var positivt, og at det å få høve til å arbeide kreativt var noko som dei sette stor pris på. Erfaringar frå evalueringsstudien er med på å forme arbeidet vidare med innovasjonscampen.