Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHofseth, Emilie
dc.date.accessioned2019-07-18T09:50:19Z
dc.date.available2019-07-18T09:50:19Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2605866
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap, fordjuping i norsk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking 15.mai 2019nb_NO
dc.description.abstractFormålet for denne masteroppgåva har vore å undersøke korleis elevar reviderer tekstar med bakgrunn i skriftleg lærarrespons. For å få djupare innsikt i revisjonsarbeidet elevane gjorde, avgrensa eg meg til å studere vurderingsområda innhald og rettskriving. Problemstillinga var difor følgjande: Korleis endrar innhald og rettskriving seg i elevtekstar etter skriftleg respons frå lærar? Studien tek utgangspunkt i ti elevar sine argumenterande tekstar i to versjonar; førsteutkast og andreutkast. Eg har også nytta meg av læraren sin skriftlege respons på førsteutkasta. Formålet med prosjektet var å sjå på revisjonsarbeidet med eit kvalitativt blikk, men eg brukte også innslag av det kvantitative for å telje og kategorisere rettskrivingsfeila i elevtekstane. Sidan elevtekstane var argumenterande, nytta eg Toulmins argumentasjonsmodell for å analysere innhaldet, medan rettskrivinga vart analysert gjennom teljing av feil i utkasta. Som teoretisk grunnlag tok eg utgangspunkt i tidlegare forsking på skriving, respons og revisjon i tillegg til hermeneutikken og Vygotskijs teori om den næraste utviklingssona. Analysane viste at læraren sin respons var svært forskjellig i kategoriane eg samanlikna. Responsen på rettskrivinga var konkret og plassert undervegs i teksten, medan responsen på innhaldet var generell og plassert som sluttkommentarar til førsteutkasta. Analysane av revisjonsarbeidet til elevane viste at elevane reviderte rettskrivinga si ganske bra. Alle forbetra nynorsken sin i andreutkastet. I innhaldet var det lite endringar å spore i eksisterande tekst frå førsteutkastet. Det elevane derimot gjorde, var å leggje til og utvide tekstane frå førsteutkastet med nye belegg, ny informasjon i eksisterande belegg og nye innvendingar. Dette trass i at ingen vart oppmoda til å utvide teksten sin i responsen. Tendensen i revisjonen var altså at elevane reivderte den nynorske rettskrivinga si ganske bra, og at revisjonen i innhaldet dreidde seg om å leggje til tekst.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleElevars revisjonsarbeid på 10.stegnb_NO
dc.title.alternativePupils' text revision in 10th gradenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber123nb_NO
dc.description.localcodeM120UND509nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal