Profesjonelt skjønn i barnehagelærarutdanning : Eit kvalitativ forskingsprosjekt om korleis praksislærarar støttar studentens utvikling av eit profesjonelt skjønn i praksisopplæringa
Abstract
Profesjonelt skjønn i barnehagelærarutdanning
Forsking viser at nyutdanna barnehagelærarar har utfordringar knytt til utøving av profesjonelt skjønn i si yrkesutøving. Praksisopplæringa har ei stor rolle i studentens utvikling mot å bli ein profesjonell yrkesutøvar. Det er difor aktuelt å undersøke korleis praksislærarane støttar studentar i utviklinga av eit profesjonelt skjønn gjennom rettleiing i praksis. Mitt teoretiske rammeverk viser til sentrale aspekt knytt opp mot utvikling og utøving av eit profesjonelt skjønn. Molander og Grimen (2008) sin teori om omgrepet skjønn og Aristoteles (1953) sine tre former for kunnskap, episteme, techne og fronesis, er av betyding for å belyse forskingsspørsmåla. Det er brukt ein kvalitativ metode i form av intervju, der eg har gjennomført to fokusgruppe- og eitt individuelt intervju. Resultatet syner at praksislærarane løfter fram omgrepet dømmekraft som heilt sentralt i deira forståing av profesjonelt skjønn. I tillegg til å ta omsyn til reglar og rammer, og den kunnskapsbasen som ligg til grunn for deira handlingar, er også det å sjå andre sitt perspektiv og bruke sunn fornuft i deira avgjersler framståande.
Description
Master i barnehagekunnskap Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett