Når kalendaren avgjer korleis du vurderer dine eigne evner
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2602082Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Formålet med denne oppgåva var å sjå på forholdet mellom fødselsdato og meistringforventning hjå 6. klassingar. Fødselsdato som variabel, er i oppgåva definert teoretisk som relativ alderseffekt. Teorien knytt til meistringsforventning er self-efficacy, self-concept og sjølvattribusjon. Studiet vart gjennomført med ein deduktiv metode, og ei kvantitativ tilnærming. 51 elevar frå 6. trinn deltok i ei spørjeundersøking som skulle måle meistringsforventninga deira, samt sjå på sosiale attributtar. Resultata viste at dersom ein brukte kvartal som grupperingsvariabel, ville forskjellane ikkje vere betydelege. På ei anna side viste det seg at dersom ein delte året opp i halvår, vart forskjellane statistisk signifikante. Resultata knytt til sosiale attributtar, som gjekk på gruppearbeid og initiativ, viste ikkje tendens til å vere påverka av fødselsdato eller kjønn. Resultata frå oppgåva har vore drøfta i tråd med metodiske avgrensingar og forslag til vidare forsking.
Beskrivelse
Grunnskulelærarutdanning 5.-10. Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett 10.05.2019