Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKydland, Markus Oliver
dc.date.accessioned2018-10-12T07:21:53Z
dc.date.available2018-10-12T07:21:53Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2567746
dc.description.abstractI denne oppgåva undersøker eg dialogen mellom besøkande musikarar og lærarar ved ein skule som deltek i innovasjonsprosjektet «Skole og konsert – fra formidling til dialog» (DiSko). DiSko ynskjer å utvikle dialogbaserte skulekonsertar og søker å svare på problemstillinga Hvordan kan dialogorienterte konsertpraksiser utformes og utvikles på en slik måte at de lettere kan integreres meningsfullt og profesjonelt i skolers daglige virksomhet, og hvordan kan skoler legge til rette for at en slik integrering kan finne sted i arbeid med læring og dannelse? (Holdhus & Espeland, 2016b, p. 3) Prosjektet stiller seg kritisk til at skulekonsertar er prega av å vere verkorienterte, og vonar at dialogiske skulekonsertar utarbeida i partnarskap mellom kunst- og skulesida kan skape eigarskap hos alle involverte. I mitt masterarbeid har eg undersøka korleis dei vaksne deltakarane ved ein av dei deltakande skulane (Skule 2) samarbeider og kva som karakteriserer dialogen mellom dei. Eg har søkt å svara på denne problemstillinga Kva karakteriserer besøkande musikarar og lærarar sin dialog på ein skule som deltek i innovasjonsprosjektet DiSko, og på kva måtar pregar lærarar og musikarar sine profesjonelle utgangspunkt denne dialogen? Gjennom deltakande observasjon ved Skule 2 og intervju av musikarane og lærarane har eg funne at dei følgjande kategoriane er avgjerande for å forstå dialogen mellom deltakarane • Deltakarane sine roller i dialogen • Samarbeidet i dialogen • Kommunikasjonen i dialogen • Kapitalen/makta i dialogen I korte trekk finn eg at musikarane innehar dei utøvande rollene medan lærarane har assisterande roller, og at samarbeidet mellom deltakarane fungerer godt med denne rollefordelinga. Deltakarane har gjennom prosjektet i stor grad nytta digitale formar for kommunikasjon, både i form av tekst og video, og musikarane har mellom besøka gjeve elevane (gjennom lærarane) stoff å øve på fram til neste besøk. Også ei ubalanse i kapitalen eller makta mellom deltakarane viser seg å spele inn på dialogen mellom dei.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskolen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKunst og Skule: Ein Dialog?: Ein studie av musikarar og lærarar sitt samarbeid i eit innovasjonsprosjektnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMACREL-OPGnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal