Kunst og Skule: Ein Dialog?: Ein studie av musikarar og lærarar sitt samarbeid i eit innovasjonsprosjekt
Master thesis
View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for kunstfag [305]
Abstract
I denne oppgåva undersøker eg dialogen mellom besøkande musikarar og lærarar ved ein skule som deltek i innovasjonsprosjektet «Skole og konsert – fra formidling til dialog» (DiSko). DiSko ynskjer å utvikle dialogbaserte skulekonsertar og søker å svare på problemstillinga
Hvordan kan dialogorienterte konsertpraksiser utformes og utvikles på en slik måte at de lettere kan integreres meningsfullt og profesjonelt i skolers daglige virksomhet, og hvordan kan skoler legge til rette for at en slik integrering kan finne sted i arbeid med læring og dannelse? (Holdhus & Espeland, 2016b, p. 3) Prosjektet stiller seg kritisk til at skulekonsertar er prega av å vere verkorienterte, og vonar at dialogiske skulekonsertar utarbeida i partnarskap mellom kunst- og skulesida kan skape eigarskap hos alle involverte.
I mitt masterarbeid har eg undersøka korleis dei vaksne deltakarane ved ein av dei deltakande skulane (Skule 2) samarbeider og kva som karakteriserer dialogen mellom dei. Eg har søkt å svara på denne problemstillinga
Kva karakteriserer besøkande musikarar og lærarar sin dialog på ein skule som deltek i innovasjonsprosjektet DiSko, og på kva måtar pregar lærarar og musikarar sine profesjonelle utgangspunkt denne dialogen?
Gjennom deltakande observasjon ved Skule 2 og intervju av musikarane og lærarane har eg funne at dei følgjande kategoriane er avgjerande for å forstå dialogen mellom deltakarane
• Deltakarane sine roller i dialogen
• Samarbeidet i dialogen
• Kommunikasjonen i dialogen
• Kapitalen/makta i dialogen
I korte trekk finn eg at musikarane innehar dei utøvande rollene medan lærarane har assisterande roller, og at samarbeidet mellom deltakarane fungerer godt med denne rollefordelinga. Deltakarane har gjennom prosjektet i stor grad nytta digitale formar for kommunikasjon, både i form av tekst og video, og musikarane har mellom besøka gjeve elevane (gjennom lærarane) stoff å øve på fram til neste besøk. Også ei ubalanse i kapitalen eller makta mellom deltakarane viser seg å spele inn på dialogen mellom dei.