Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLund, Marianne Lerum
dc.date.accessioned2018-01-03T11:39:56Z
dc.date.available2018-01-03T11:39:56Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2474326
dc.descriptionMaster i Læring og undervisning Høgskulen på Vestlandet Innleveringsdato: 15.05.17nb_NO
dc.description.abstractBakgrunnen for dette masterprosjektet er eigne erfaringar og tidlegare forsking. Elevar i førsteklasse er berre seks år gamle, og er nye i skulekulturen. Her skal elevane tilpasse seg skulekvardagen og bli ein del av skulekulturen. Det er ikkje sikkert at alle elevar som kjem inn i skulen kan lese og/eller skrive. I førsteklasse blir derfor samtale og kommunikasjon eit viktig verktøy. Forsking har sett på heilklassesamtalar i høgare klassetrinn knytt til fag, og funna visste at det er læraren som har mesteparten av ordet i klasserommet. Samtidig føreligg det inga kjend forsking på heilklassesamtalar i førsteklasse, og dette er noko eg ønskjer auka innsikt og kunnskapar om. Formålet med denne masteroppgåva er å få auka innsikt og kunnskap om heilklassesamtalen i førsteklasse. Studien søkjer å finne ut kva som kjenneteiknar heilklassesamtalen i førsteklasse, og kva erfaringar og oppfatningar læraren har med planlegging og gjennomføring av denne samtalen. Vidare har studien sett på to ulike klasserom, og har eit kvalitativt design. Observasjon og semistrukturert intervju har vore nytta som metodereiskap. Observasjonane er primærfunn for analyse, medan intervjua er meint som eit påfyll til observasjonane, der lærarane hadde moglegheit til å kommentere og utdjupe. Tidlegare forsking gir eit verdifullt bilete på korleis heilklassesamtalar kan gå føre seg i høgare klassetrinn, men inga kjent forsking har gått inn å sett på heilklassesamtalen i førsteklasse. Gjennom observasjonane og informantane sine stemmer og handlingar, har studien løfta fram seks ulike kategoriar som kjenneteiknar heilklassesamtalen i førsteklasse. Dei seks kategoriane er spørsmål-svar-sekvensar, instruksjonar, korrigering av åtferd, verdsetjing av elevinnspel, tapte moglegheiter og når samtalen tek ei anna retning. Desse har blitt drøfta i lys av teorien og tidlegare forsking på området. Analysen syner også at heilklassesamtalen, i begge klasseromma, er kjenneteikna av dei seks kategoriane, men at lærarane har individuelle og eigne måtar å praktisere samtalen på. Dette kjem til uttrykk gjennom observasjonane og lærarane sine tankar, oppfatningar og erfaringar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.subjectFørsteklassenb_NO
dc.subjecthelklassesamtalenb_NO
dc.subjectdialogisk undervisningnb_NO
dc.titleHeilklassesamtalar i førsteklassenb_NO
dc.title.alternativeWhole class conversations in first gradenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber94nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel