Heilklassesamtalar i førsteklasse
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2474326Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunnen for dette masterprosjektet er eigne erfaringar og tidlegare forsking. Elevar i førsteklasse
er berre seks år gamle, og er nye i skulekulturen. Her skal elevane tilpasse seg skulekvardagen og bli
ein del av skulekulturen. Det er ikkje sikkert at alle elevar som kjem inn i skulen kan lese og/eller
skrive. I førsteklasse blir derfor samtale og kommunikasjon eit viktig verktøy. Forsking har sett på
heilklassesamtalar i høgare klassetrinn knytt til fag, og funna visste at det er læraren som har
mesteparten av ordet i klasserommet. Samtidig føreligg det inga kjend forsking på heilklassesamtalar
i førsteklasse, og dette er noko eg ønskjer auka innsikt og kunnskapar om. Formålet med denne
masteroppgåva er å få auka innsikt og kunnskap om heilklassesamtalen i førsteklasse.
Studien søkjer å finne ut kva som kjenneteiknar heilklassesamtalen i førsteklasse, og kva erfaringar
og oppfatningar læraren har med planlegging og gjennomføring av denne samtalen. Vidare har
studien sett på to ulike klasserom, og har eit kvalitativt design. Observasjon og semistrukturert
intervju har vore nytta som metodereiskap. Observasjonane er primærfunn for analyse, medan
intervjua er meint som eit påfyll til observasjonane, der lærarane hadde moglegheit til å kommentere
og utdjupe. Tidlegare forsking gir eit verdifullt bilete på korleis heilklassesamtalar kan gå føre seg i
høgare klassetrinn, men inga kjent forsking har gått inn å sett på heilklassesamtalen i førsteklasse.
Gjennom observasjonane og informantane sine stemmer og handlingar, har studien løfta fram seks
ulike kategoriar som kjenneteiknar heilklassesamtalen i førsteklasse. Dei seks kategoriane er
spørsmål-svar-sekvensar, instruksjonar, korrigering av åtferd, verdsetjing av elevinnspel, tapte
moglegheiter og når samtalen tek ei anna retning. Desse har blitt drøfta i lys av teorien og tidlegare
forsking på området. Analysen syner også at heilklassesamtalen, i begge klasseromma, er
kjenneteikna av dei seks kategoriane, men at lærarane har individuelle og eigne måtar å praktisere
samtalen på. Dette kjem til uttrykk gjennom observasjonane og lærarane sine tankar, oppfatningar
og erfaringar.
Beskrivelse
Master i Læring og undervisning Høgskulen på Vestlandet Innleveringsdato: 15.05.17