Formativ vurdering i engelskfaget – teori versus praksis
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2463648Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne bacheloravhandlinga tek føre seg temaet formativ vurdering i språkfag – nærare avgrensa til
engelskfaget. Problemstillinga lyder: «Kva erfaringar har eit utval grunnskulelærarar med formative
vurderingsmetodar i engelskfaget?».
Oppgåva diskuterer nyare teori på temaet og samanliknar dette med ei kvalitativ datainnsamling frå
intervju med tre lærarar som har ein erfaringsbase på 17-30 år som engelsklærarar i grunnskulen.
Gjennom samanlikning av teori- og erfaringsbasert kunnskap om formativ vurdering, ser oppgåva på
kva formativ vurdering er, korleis det vert oppfatta av eit utval lærarar og korleis formative
vurderingsmetodar kan fungere i praksis. Oppgåva konkluderer med at både erfaringsbaserte og
teoretiske kunnskapar om formativ vurdering er optimale for ein god vurderingspraksis, og at desse
kan bli brukt uavhengige av kvarandre.