Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLunde, Per
dc.contributor.authorÅberge, Rune Vatnamot
dc.date.accessioned2017-11-02T09:38:23Z
dc.date.available2017-11-02T09:38:23Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2463638
dc.descriptionGrunnskulelærarutdanning 5-­‐10 PE379 Avdeling for lærarutdanning og idrett, institutt for grunnskulelærarutdanningnb_NO
dc.description.abstractDenne studien, Lærar i møte med utfordrande åtferd, ser på samanhengen imellom utfordrande åtferd og læringsmiljø. Det er nytta ei kvalitativ tilnærming iform av intervju av tre informantar for å svare på problemstillinga: Korleis kan lærar jobbe for å redusere og førebyggje utfordrande åtferd? Utfordrande åtferd er ei kvardagsleg utfordring mange lærarar møter i skulen. I samband med dette er det naudsynt for lærar å ha kunnskap om og strategiar for å takle utfordrande åtferd for å kunne ivareta og sikra eit godt læringsmiljø for alle elevar. For å førebyggje og redusere utfordrande åtferd kan det vere gunstig for lærar å jobbe aktivt for å etablera og vedlikehalde gode relasjonar til elevane sine. Sentrale aspekt å jobbe utifrå i dette arbeidet kan vere å etablere tillit, sjå den enkelte elev, anerkjenning og verdsetjing av elevane. Vidare kan leiarstilen til den enkelte lærar ha betydning for grad og førekomst av utfordrande åtferd i skulen. Her peikar den autoritative leiarstilen seg ut som den gunstigaste. I oppgåva har ein og sett på korleis reglar og rutiner samt håndhevinga av desse kan være ein faktor i arbeidet med å redusere og førebyggje utfordrande åtferd. Informantane i denne oppgåva vektlegg arbeidet med reglar og rutiner som viktig, men seier og at det er vanskeleg å skulle håndheve reglar likt og at dette er ei utfordring i skulen.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectUtfordrende atferdnb_NO
dc.subjectlæringsmiljønb_NO
dc.subjectforebyggingnb_NO
dc.subjectrelasjonernb_NO
dc.subjectlederstilnb_NO
dc.titleLærar i møte med utfordrande åtferdnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber36nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel