Lærar i møte med utfordrande åtferd
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2463638Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne studien, Lærar i møte med utfordrande åtferd, ser på samanhengen imellom utfordrande åtferd og læringsmiljø. Det er nytta ei kvalitativ tilnærming iform av intervju av tre informantar for å svare på problemstillinga: Korleis kan lærar jobbe for å redusere og førebyggje utfordrande åtferd? Utfordrande åtferd er ei kvardagsleg utfordring mange lærarar møter i skulen. I samband med dette er det naudsynt for lærar å ha kunnskap om og strategiar for å takle utfordrande åtferd for å kunne ivareta og sikra eit godt læringsmiljø for alle elevar. For å førebyggje og redusere utfordrande åtferd kan det vere gunstig for lærar å jobbe aktivt for å etablera og vedlikehalde gode relasjonar til elevane sine. Sentrale aspekt å jobbe utifrå i dette arbeidet kan vere å etablere tillit, sjå den enkelte elev, anerkjenning og verdsetjing av elevane. Vidare kan leiarstilen til den enkelte lærar ha betydning for grad og førekomst av utfordrande åtferd i skulen. Her peikar den autoritative leiarstilen seg ut som den gunstigaste. I oppgåva har ein og sett på korleis reglar og rutiner samt håndhevinga av desse kan være ein faktor i arbeidet med å redusere og førebyggje utfordrande åtferd. Informantane i denne oppgåva vektlegg arbeidet med reglar og rutiner som viktig, men seier og at det er vanskeleg å skulle håndheve reglar likt og at dette er ei utfordring i skulen.
Beskrivelse
Grunnskulelærarutdanning 5-‐10 PE379 Avdeling for lærarutdanning og idrett, institutt for grunnskulelærarutdanning