Lærarens arbeid med munnleg aktivitet
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2463604Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Elevane si munnleg aktivitet er avgjerande for læraren sitt arbeid i skulen. Det er gjennom
munnleg aktivitet læraren kan tileigna seg kunnskap om korleis elevane opplever
skulekvardagen, kva elevane lærer, korleis dei kan hjelpast vidare og ikkje minst i
tilrettelegging for samarbeid, slik at elevane kan hjelpa kvarandre i læringsarbeidet. Dette
var utgangspunkt for vår interesse for å undersøkja korleis eit utval lærarar arbeider med å
skape gode forhold, slik at alle elevane kan syne sin munnlege aktivitet gjennom
klasseleiing. Vi var også interessert i kunnskap om korleis dei arbeider med dei elevane som
ikkje er så munnleg aktive. Dette vart utgangspunkt for problemstillinga: Korleis arbeider
lærarane med å skape gode føresetnader for munnleg aktivitet gjennom klasseleiing? For å
få svar på problemstillinga gjennomførte vi intervju med fire lærarar som har erfaring nok til
å gje oss eit innblikk i korleis lærarane arbeider med elevane si munnleg aktivitet i
klasserommet. Analysen av intervjua synleggjorde tre kategoriar som synar korleis lærarane
arbeider. Desse er: a) skape eit godt klassemiljø, b) utvikling av gode relasjonar og c) arbeid
med struktur og orden i klasserommet. Dette er faktorar vi kjente igjen frå litteraturen om
klasseleiing. Dette støtter vår avsluttande refleksjon som synar at arbeid med god
klasseleiing er viktig for å skape munnleg aktivitet i klasserommet.