Forplikting er avgjerande
Original version
I J. Amdam, R. Bergem & F. O. Båtevik (Red.), Offentleg sektor i endring: Fjordantologien 2016 (s. 206-219). Oslo: Universitetsforlaget. 10.18261/9788215027722-2016-13Abstract
Studien rettar seg mot lærarar som har delteke på skulebasert vidareutdanning i klasseleiing. Føremålet er å undersøkje kjenneteikn ved ei skulebasert vidareutdanning som lærarar meiner bidreg til eiga læring. Empiri er henta inn gjennom fokusgruppeintervju med to lærargrupper ved ein ungdomsskule eitt og eit halvt år etter avslutta vidareutdanning. Funna tyder på at det er fem sentrale kjenneteikn ved vidareutdanninga som bidreg til at lærarane opplever læring: Kollektiv deltaking, praksisnært innhald, mellomliggjande arbeid, at vidareutdanninga går over tid og forplikting. Hovudfunnet vårt er at forplikting ser ut til å vere det som knyter dei fire andre saman.