Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAlsaker, Ragnhild Almås
dc.contributor.authorMeland, Kristin
dc.date.accessioned2017-06-16T08:27:51Z
dc.date.available2017-06-16T08:27:51Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2446194
dc.description.abstractDette prosjektet er ei studie av førekomst av problemåtferd i skulen, og korleis læraren arbeider med klasseleiing, tidleg innsats og tilpassa opplæring for å førebygge dette. Problemåtferd i grunnskulen er eit dagsaktuelt tema, og spørsmålet er stadig om åtferda har endra seg til det verre. På bakgrunn av vår erfaring i praksisfeltet, har me sett at det er behov for kunnskap om handtering og korleis ein kan førebygge problemåtferd. Me ønska difor å fordjupe oss i dette, med mål om å få ei betre forståing av det interessante og kontekstuelle fenomenet. Samtidig ønska me auka kunnskap om hensiktsmessig handtering og førebygging av denne typen åtferd. Med dette til grunn utarbeidde me problemstillinga: Korleis arbeider læraren med klasseleiing, tidleg innsats og tilpassa opplæring for å førebygge problemåtferd på 1. trinn? Me har delt teoridelen i oppgåva inn i fire hovuddelar, der me presenterer relevant teori og forsking: problemåtferd, klasseleiing, tidleg innsats og tilpassa opplæring. Desse fire elementa ser me på som sentrale for å belyse og drøfte empiri me har innhenta gjennom intervju og observasjon. Vidare har me knytt den sosiokulturelle teorien til Vygotskij, som mellom anna ser læraren som den mest sentrale faktoren for barns læring og utvikling, opp til viktigheita av at læraren har evne til å tilretteleggje for utviklinga til elevane. Den sosialkognitive teorien til Bandura er brukt til å belyse klasseleiing og viktigheita av positive relasjonar mellom lærar og elev, og elevane seg i mellom, for å førebygge problemåtferd. I forskinga vår gjennomførte me individuelle intervju med to lærarar på 1.trinn, for å få innsikt i læraren si oppfatning av problemåtferd i skulen, og deira måtar å førebygge dette. For å styrke funna me gjorde, og gå djupare inn på viktigheita av tilpassa opplæring, utførte me ein observasjon av ei matematikkøkt på same årstrinn. I observasjonen hadde me fokus på bruken av konkretiseringsmateriell og variasjon i oppgåver og undervisning. Me erfarte gjennom arbeidet med prosjektet at lærings- og undervisningshemmande og utagerande åtferd er dei vanlegaste formene for problemåtferd i skulen. Dette var som forventa og i tråd med tidlegare forsking på området. Me har fått innsikt i kva tiltak lærarane gjer for å førebygge problemåtferd, mellom anna ved å gjera undervisninga variert og konkret, og gjennom å utøve ei autorativ og proaktiv klasseleiing.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleLæraren si rolle i arbeid med problemåtferdnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel