Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRøneid, Kjersti Nedland
dc.date.accessioned2016-08-09T12:42:44Z
dc.date.available2016-08-09T12:42:44Z
dc.date.issued2016-08-09
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2398517
dc.description.abstractDette masterprosjektet undersøkjer korleis elevar og lærarar i vidaregåande skule opplever digital, formativ vurdering mediert gjennom Google Classroom. Kva kjenneteiknar møta og dialogen som finn stad i dei digitale romma? Prosjektet er gjennomført med eit kvalitativt forskingsdesign i fenomenologisk tradisjon. For å svare på problemstillinga har eg gjennomført til saman seks fokusgruppeintervju ved ein vidaregåande skule. Deltakarane i fire av intervjua var elevar, og lærarar i dei to siste. Alle elevane går på eit studieførande utdanningsprogram. og kom frå forskjellige klassar og trinn. Det teoretiske grunnlaget for oppgåva har utgangspunkt i eit sosiokulturelt læringssyn. Til å analysere og transkribere det innsamla materialet har eg valt å bruke vurderingsforsking og eit kommunikasjonsperspektiv, i tillegg til eit etisk perspektiv på møta mellom elevar og lærarar. Dette for å få eit heilskapleg innblikk i opplevinga til elevane og lærarane. Studien syner at elevar og lærarar opplever ein god vurderingspraksis i digitale klasserom, og at dei tykkjer Google Classroom er eit godt bidrag i dette arbeidet. Funna viser også at det er individuelle skilnader, både hjå lærarane og hjå elevane, i korleis formativ vurdering vert brukt i læringsarbeidet. Elevar og lærarar er medvitne korleis den formative vurderinga bør vere, men grunngjer svaret sitt på ulike måtar. I tillegg viser undersøkinga at premissane for vurderingsdialogen i digitale klasserom ikkje er klare for deltakarane. Særleg elevane uttrykkjer utfordringar knytt til form og innhald i dei digitale romma.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleFormativ vurderingsdialog i digital klasseromskontekst : Ei fenomenologisk tilnærmingnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel