Formativ vurderingsdialog i digital klasseromskontekst : Ei fenomenologisk tilnærming
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2398517Utgivelsesdato
2016-08-09Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette masterprosjektet undersøkjer korleis elevar og lærarar i vidaregåande skule
opplever digital, formativ vurdering mediert gjennom Google Classroom. Kva
kjenneteiknar møta og dialogen som finn stad i dei digitale romma?
Prosjektet er gjennomført med eit kvalitativt forskingsdesign i fenomenologisk
tradisjon. For å svare på problemstillinga har eg gjennomført til saman seks
fokusgruppeintervju ved ein vidaregåande skule. Deltakarane i fire av intervjua var
elevar, og lærarar i dei to siste. Alle elevane går på eit studieførande
utdanningsprogram. og kom frå forskjellige klassar og trinn.
Det teoretiske grunnlaget for oppgåva har utgangspunkt i eit sosiokulturelt læringssyn.
Til å analysere og transkribere det innsamla materialet har eg valt å bruke
vurderingsforsking og eit kommunikasjonsperspektiv, i tillegg til eit etisk perspektiv på
møta mellom elevar og lærarar. Dette for å få eit heilskapleg innblikk i opplevinga til
elevane og lærarane.
Studien syner at elevar og lærarar opplever ein god vurderingspraksis i digitale
klasserom, og at dei tykkjer Google Classroom er eit godt bidrag i dette arbeidet. Funna
viser også at det er individuelle skilnader, både hjå lærarane og hjå elevane, i korleis
formativ vurdering vert brukt i læringsarbeidet. Elevar og lærarar er medvitne korleis
den formative vurderinga bør vere, men grunngjer svaret sitt på ulike måtar. I tillegg
viser undersøkinga at premissane for vurderingsdialogen i digitale klasserom ikkje er
klare for deltakarane. Særleg elevane uttrykkjer utfordringar knytt til form og innhald i
dei digitale romma.