Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHerstad, Synnøve
dc.contributor.authorHerstad, Synnøve
dc.date.accessioned2014-10-08T11:36:01Z
dc.date.available2014-10-08T11:36:01Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/223390
dc.descriptionGrunnskulelærar 1-7, deltid Emnekode PE369 Mai 2014nb_NO
dc.description.abstractVi lever i ei tid i endring, og i løpet av utdanninga mi har eg tenkt mykje på kva slags kvalifikasjonar born og unge må ha i møte med framtida. Orda kreativitet og fantasi er gjengangarar i læreplanar og offentlege dokument om utdanning, og slike ferdigheiter vil etter alt å døme bli høgt verdsette den dagen dei unge trør ut i arbeids- og samfunnslivet. Samtidig trur eg at eigenskapar som kreativitet og nytenking er viktig i lærarrolla. Dei seinare åra ser det ut til at skriving har kome i skuggen av satsinga på lesing i skulen. Eg bestemte meg difor for å sjå om eg kunne finne nye kreative innfallsvinklar for å stimulere borna sin fantasi og motivere dei til å skrive. Med utgangspunkt i ideane til den engelske pedagogen og poeten Pie Corbett, utarbeidde eg undervisningsopplegget ”Dikt i Dracopenia”, for å forske på problemstillinga mi som lyder slik: Korleis kan diktundervisning stimulere elevane sin kreativitet og fantasi og motivere dei til å skrive eigne tekstar? For å finne ut av forskingsspørsmålet har eg brukt aksjonsforsking, ein metode som vert nytta for å forske på endring av eigen praksis. Dessutan har eg brukt ein kvalitativ forskingsstrategi med intervju av informantar i tillegg til ustrukturerte observasjonar og elevtekstar for å hente inn data til undersøkinga. Forskinga til den russiske psykologen Lev Vygotskij viser at kunnskap og fantasi er avhengige av kvarandre fordi born treng ein rik erfaringsbakgrunn for å utvikle kreative ferdigheiter. Slike erfaringar kan vere henta frå verkelegheita eller frå førestillingsverda, til dømes ved å lese litteratur eller sjå film. Datamaterialet frå denne oppgåva viser at temabasert diktundervisning, fantasiøvingar og samhandlinga mellom lærarar og elevar i klasserommet, bygde opp elevane sin erfaringsbakgrunn og inspirerte dei vidare til kreativ skriving. Difor vil eg vidareutvikle aktivitetane og ideane frå undervisningsopplegget for å ta dei i bruk i min eigen undervisningspraksis i framtida.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleDikt frå Dracopenia: Korleis kan diktundervisning stimulere born sin fantasi og kreativitet, og motivere dei til å skrive eigne tekstar?nb_NO
dc.title.alternativePoetry from Dracopenia: How can teaching poetry stimulate children's fantasy and creativity, and get them motivated to write their own texts?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber31nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel