Dikt frå Dracopenia: Korleis kan diktundervisning stimulere born sin fantasi og kreativitet, og motivere dei til å skrive eigne tekstar?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/223390Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Vi lever i ei tid i endring, og i løpet av utdanninga mi har eg tenkt mykje på kva slags kvalifikasjonar born og unge må ha i møte med framtida. Orda kreativitet og fantasi er gjengangarar i læreplanar og offentlege dokument om utdanning, og slike ferdigheiter vil etter alt å døme bli høgt verdsette den dagen dei unge trør ut i arbeids- og samfunnslivet. Samtidig trur eg at eigenskapar som kreativitet og nytenking er viktig i lærarrolla.
Dei seinare åra ser det ut til at skriving har kome i skuggen av satsinga på lesing i skulen. Eg bestemte meg difor for å sjå om eg kunne finne nye kreative innfallsvinklar for å stimulere borna sin fantasi og motivere dei til å skrive. Med utgangspunkt i ideane til den engelske pedagogen og poeten Pie Corbett, utarbeidde eg undervisningsopplegget ”Dikt i Dracopenia”, for å forske på problemstillinga mi som lyder slik: Korleis kan diktundervisning stimulere elevane sin kreativitet og fantasi og motivere dei til å skrive eigne tekstar?
For å finne ut av forskingsspørsmålet har eg brukt aksjonsforsking, ein metode som vert nytta for å forske på endring av eigen praksis. Dessutan har eg brukt ein kvalitativ forskingsstrategi med intervju av informantar i tillegg til ustrukturerte observasjonar og elevtekstar for å hente inn data til undersøkinga.
Forskinga til den russiske psykologen Lev Vygotskij viser at kunnskap og fantasi er avhengige av kvarandre fordi born treng ein rik erfaringsbakgrunn for å utvikle kreative ferdigheiter. Slike erfaringar kan vere henta frå verkelegheita eller frå førestillingsverda, til dømes ved å lese litteratur eller sjå film. Datamaterialet frå denne oppgåva viser at temabasert diktundervisning, fantasiøvingar og samhandlinga mellom lærarar og elevar i klasserommet, bygde opp elevane sin erfaringsbakgrunn og inspirerte dei vidare til kreativ skriving. Difor vil eg vidareutvikle aktivitetane og ideane frå undervisningsopplegget for å ta dei i bruk i min eigen undervisningspraksis i framtida.
Beskrivelse
Grunnskulelærar 1-7, deltid
Emnekode PE369
Mai 2014