Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLid, Åsne Gjelland
dc.date.accessioned2014-08-20T09:47:45Z
dc.date.available2014-08-20T09:47:45Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/217698
dc.descriptionGlobal Knowledge GK 302 Mai 2014nb_NO
dc.description.abstractDette studiet er gjennomført i samband med fordjupingseininga Global Knowledge, som ein del av førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Gjennom oppgåva har eg prøvd å danne eit bilete av ulike faktorar som kan vere essensielle i førskulen sitt formål i Zambia. Eg tok utgangspunkt i den nye læreplanen for førskulen og har sett på utviklinga som har skjedd med førskulen sidan Zambia vart eit uavhengig land i 1964 (Ministry of Education, Science, Vocational Traning and Early Education, 2013). Utifrå det kom eg fram til følgjande problemstilling; Kva formål har urbane førskular i Zambia slik utvalde utdanningsaktørar ser det? - Korleis har den zambiske førskulen utvikla seg historisk dei siste 50. åra? - Kva trur nokre utdanningsaktørar ny førskulepolitikk i Zambia kan bety for førskulen sin status? Det er nytta kvalitativ metode i oppgåva, for å få mogelegheita til å gå i djupna og få personlege svar. Eg har gjennomført tre semistrukturerte intervju med tre ulike aktørar innafor utdanningssektoren, samt observasjonar og feltsamtalar i praksis. Gjennom undersøkinga kan ein sjå at den zambiske førskulen har gått frå å vere forankra tradisjonelt og lokalt, til å få ei meir heilskapleg og sentralstyrt utbygging . Som oppsummering over funna mine kan ein sei at førebuing til skule og sosialisering vert sett på som to viktige formål i førskulen.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleCan a village raise a child?: Ei studie om utvalde utdanningsaktørar sitt syn på føremålet til den zambiske førskulenb_NO
dc.title.alternativeA study based on selected educational providers views on the purpose of early childhood education in Zambianb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber26nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel