Can a village raise a child?: Ei studie om utvalde utdanningsaktørar sitt syn på føremålet til den zambiske førskule
Abstract
Dette studiet er gjennomført i samband med fordjupingseininga Global Knowledge, som ein del av førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Gjennom oppgåva har eg prøvd å danne eit bilete av ulike faktorar som kan vere essensielle i førskulen sitt formål i Zambia. Eg tok utgangspunkt i den nye læreplanen for førskulen og har sett på utviklinga som har skjedd med førskulen sidan Zambia vart eit uavhengig land i 1964 (Ministry of Education, Science, Vocational Traning and Early Education, 2013). Utifrå det kom eg fram til følgjande problemstilling;
Kva formål har urbane førskular i Zambia slik utvalde utdanningsaktørar ser det?
- Korleis har den zambiske førskulen utvikla seg historisk dei siste 50. åra?
- Kva trur nokre utdanningsaktørar ny førskulepolitikk i Zambia kan bety for førskulen sin status?
Det er nytta kvalitativ metode i oppgåva, for å få mogelegheita til å gå i djupna og få personlege svar. Eg har gjennomført tre semistrukturerte intervju med tre ulike aktørar innafor utdanningssektoren, samt observasjonar og feltsamtalar i praksis.
Gjennom undersøkinga kan ein sjå at den zambiske førskulen har gått frå å vere forankra tradisjonelt og lokalt, til å få ei meir heilskapleg og sentralstyrt utbygging . Som oppsummering over funna mine kan ein sei at førebuing til skule og sosialisering vert sett på som to viktige formål i førskulen.
Description
Global Knowledge
GK 302
Mai 2014