Grunnleggande ferdigheiter i kroppsøvingsfaget - eit kunnskapsløft eller eit urealistisk løfte? : ein kvalitativ studie av kroppsøvingslærarar si forståing og integrering av dei grunnleggande ferdigheitene i Kunnskapsløftet
Abstract
Kva forståing har kroppsøvingslærarar på ungdomstrinnet av dei grunnleggande ferdigheitene i kroppsøvingsfaget, og på kva måte vel lærarane å integrere desse ferdigheitene i undervisinga? 3
Som det kjem fram av problemstillinga, har eg tenkt å undersøke kva forståing kroppsøvingslærarar har av dei grunnleggande ferdigheitene i kroppsøvingsfaget. Med omgrepet forståing meiner eg ikkje berre om lærarane skjønar omgrepet og kjenner til kva som er dei fem ferdigheitene, men og kva haldningar lærarane har til dei grunnleggande ferdigheitene sin plass i kroppsøvingsfaget. Vidare vil fokuset vere retta mot korleis lærarane vel å integrere desse ferdigheitene i den praktiske kroppsøvingsundervisinga. For å avgrense omfanget av problemstillinga og for å spisse studien sitt fokus, vil merksemda vere retta mot kroppsøvingslærarar på ungdomstrinnet.
Description
Grunnskulærar 5-10
PE379
Mai 2014