Føring av matematikkoppgåver Korleis fører fire lærarar eit sett med utvalde oppgåver, og kvifor gjer dei det akkurat slik?
Abstract
Det er mange faktorar og moment som er viktige for å sikre ei god matematikkopplæring. Moment som t.d. relasjon mellom lærar og elev, auke motivasjon for faget og læraren sin klasseleiing som viktige for å lukkast når ein underviser i alle fag (Imsen, 2010). Likevel lurer eg på om det i dag er for lite fokus på føring av matematikkoppgåver, og om det er for lite bevisstheit rundt matematikkføring hjå lærarar.
Formålet med val av tema og problemstilling er at eg ynskjer å finne ut om det finst forskjellar på måtar å føre på hjå lærarar. Eg ynskjer også å få ei djupare forståing for kvifor dei nyttar deira måtar å føre på, og kva dette kan ha å seie for matematikkopplæringa i skulen. For å forstå kvifor føring av matematikkoppgåver er eit interessant tema å undersøkje, kjem eg til å trekkje frem relevant teori innan matematikkopplæring.
Problemstilling:
Korleis fører fire lærarar eit sett med utvalde oppgåver, og kvifor gjer dei det akkurat slik?
Description
Grunnskulelærar 5-10
PE379
Mai 2014 1