Konseptstudie av Austreimselva Ressurskartlegging, tekniske val og økonomisk analyse
Abstract
Denne oppgåva er eit konseptstudie av Austreimselva i Høyanger kommune. Oppgåva
omhandlar ein ressurskartlegging, tekniske val og økonomisk analyse der mogelegheita for ei
lønsam vasskraftutbygging vert undersøkt.
Det nyttast kvantitative empiriske data som grunnlag for estimering av ressursgrunnlaget, og
som utgangspunkt for dei tekniske vala. Totalkostnaden for utbygging av Austreimselva kjem
av vala for optimal produksjon.
Austreimselva snevrar inn ved kote 317, der det dannast eit skar i elveløpet og elvegradienten
aukar. Dette gjer området til ein veleigna plassering av inntak og damkonstruksjon.
Kraftstasjonen er plassert i kote 30. Dette gjev ei brutto fallhøgd på 287 meter og ein vassveg
på 900 meter. GRP-røyr vil verte nytta langs heile traseen, og første del frå
kraftstasjonsbygning vil 550 meter røyr verte lagt i bakken, deretter 350 meter røyr i dagen til
inntaket. Med eit friksjonstap på 19 meter, ved full last, vil Austreimselva ha ein netto
fallhøgd på 268 meter. Nedbørsfeltet er på 2,53 km2, og har ein middelvassføring ved inntak
på 0,225 m3/s. Slukeevna er sett til 2,5 gangar midlare vassføring, og gjev ein maksimal
slukeevne på 0,56 m3/s. Saman med netto fallhøgde gjev dette ein installert effekt på 1,48
MW. Peltonturbin er valt for optimal utnytting av vassføringa i elva, og gjev kraftverket ein
årleg estimert produksjon på 3,35 GWh i eit normalår. Dette tilsvarar 6429 driftstimar i eit
normalår, der 773 timar vil bli produksjon på full last. Ressursgrunnlaget og tekniske
løysingar tilseier at Austreimselva er utbyggbar. Den optimale løysinga knytt til
utnyttingsområde for turbin gjev ein årleg produksjon på 3,35 GWh ved eit normalår. Våre
val av tekniske løysingar fører til ein utbyggingskostnad på 16 814 701 kroner.
Metoden som er nytta i den økonomiske analysen er kvalitativ innsamling av relevant data.
Der vert det sett på faktorarar som påverkar lønsemda til kraftverket for å gje ein heilheitleg
vurdering. Den økonomiske analysen har nytta kjent økonomisk teori, og er nytta for å lage
Microsoft-Excel modellar. Der har me rekna på noverdiar og internrente med
følsomheitsanalyse, eigenkapitalavkasting og resultatberekning per år. Eigenkapitalavkasting
og resultat per år er gjort for to utbyggingsmodellar, med og utan elsertifikatinntekt.
Utbyggingsmodell 1 er frå grunneigars perspektiv ved utbyggjing i eigen regi.
Utbyggingsmodell 2 er frå ekstern utbyggjars perspektiv, som her er referansebedrifta me
nyttar.
IV
Utbyggingskostnaden fordelt på normalårproduksjonen vert 5,02 kr/kWh. Med middels
kraftpris på 0,3 kr/kWh, elsertifikatpris på 0,18 kr/kWh og eit reelt rentekrav på 3,26% etter
skatt vil kraftverket få ein positiv noverdi på 3 751 103 kroner. Utan elsertifikatinntekt får me
ein negativ noverdi på 1 243 555 kroner.
Utbyggingsmodell 1 har ein eigenkapitalavkasting på 4,82% utan elsertifikatinntekt. Med
elsertifikatinntekt har grunneigarane ein eigenkapitalavkasting på 25,89%. Eigenkapitalkravet
på 7,67% etter skatt fortel oss at utan elsertifikatinntekt er investeringa ulønsam og lønsam
med elsertifikatinntekt.
Utbyggingsmodell 2 har ein ein eigenkapitalavkasting på 3,81% utan elsertifikatinntekt, etter
resultatfordeling med grunneigarane. Med elsertifikatinntekt har referansebedrifta ein
eigenkapitalavkasting på 7,54% etter resultatfordeling med grunneigarar. Eigenkapitalkravet
deira på 7,3% etter skatt fortel oss at utan elsertifikatinntekt er ikkje prosjektet lønsamt, men
med elsertifikatinntekt er prosjektet lønsamt.
Hovudfaktoren for gjennomføring av denne investeringa er om prosjektet fell inn under
elsertifikatordninga.
Description
Fornybar Energi
FE403
BO6-2010
Juni 2014