Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAustreim, Sondre
dc.contributor.authorNesheim, Silje Christine
dc.contributor.authorNondal, Øystein
dc.date.accessioned2014-08-04T07:09:43Z
dc.date.available2014-08-04T07:09:43Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/216633
dc.descriptionFornybar Energi FE403 BO6-2010 Juni 2014nb_NO
dc.description.abstractDenne oppgåva er eit konseptstudie av Austreimselva i Høyanger kommune. Oppgåva omhandlar ein ressurskartlegging, tekniske val og økonomisk analyse der mogelegheita for ei lønsam vasskraftutbygging vert undersøkt. Det nyttast kvantitative empiriske data som grunnlag for estimering av ressursgrunnlaget, og som utgangspunkt for dei tekniske vala. Totalkostnaden for utbygging av Austreimselva kjem av vala for optimal produksjon. Austreimselva snevrar inn ved kote 317, der det dannast eit skar i elveløpet og elvegradienten aukar. Dette gjer området til ein veleigna plassering av inntak og damkonstruksjon. Kraftstasjonen er plassert i kote 30. Dette gjev ei brutto fallhøgd på 287 meter og ein vassveg på 900 meter. GRP-røyr vil verte nytta langs heile traseen, og første del frå kraftstasjonsbygning vil 550 meter røyr verte lagt i bakken, deretter 350 meter røyr i dagen til inntaket. Med eit friksjonstap på 19 meter, ved full last, vil Austreimselva ha ein netto fallhøgd på 268 meter. Nedbørsfeltet er på 2,53 km2, og har ein middelvassføring ved inntak på 0,225 m3/s. Slukeevna er sett til 2,5 gangar midlare vassføring, og gjev ein maksimal slukeevne på 0,56 m3/s. Saman med netto fallhøgde gjev dette ein installert effekt på 1,48 MW. Peltonturbin er valt for optimal utnytting av vassføringa i elva, og gjev kraftverket ein årleg estimert produksjon på 3,35 GWh i eit normalår. Dette tilsvarar 6429 driftstimar i eit normalår, der 773 timar vil bli produksjon på full last. Ressursgrunnlaget og tekniske løysingar tilseier at Austreimselva er utbyggbar. Den optimale løysinga knytt til utnyttingsområde for turbin gjev ein årleg produksjon på 3,35 GWh ved eit normalår. Våre val av tekniske løysingar fører til ein utbyggingskostnad på 16 814 701 kroner. Metoden som er nytta i den økonomiske analysen er kvalitativ innsamling av relevant data. Der vert det sett på faktorarar som påverkar lønsemda til kraftverket for å gje ein heilheitleg vurdering. Den økonomiske analysen har nytta kjent økonomisk teori, og er nytta for å lage Microsoft-Excel modellar. Der har me rekna på noverdiar og internrente med følsomheitsanalyse, eigenkapitalavkasting og resultatberekning per år. Eigenkapitalavkasting og resultat per år er gjort for to utbyggingsmodellar, med og utan elsertifikatinntekt. Utbyggingsmodell 1 er frå grunneigars perspektiv ved utbyggjing i eigen regi. Utbyggingsmodell 2 er frå ekstern utbyggjars perspektiv, som her er referansebedrifta me nyttar. IV Utbyggingskostnaden fordelt på normalårproduksjonen vert 5,02 kr/kWh. Med middels kraftpris på 0,3 kr/kWh, elsertifikatpris på 0,18 kr/kWh og eit reelt rentekrav på 3,26% etter skatt vil kraftverket få ein positiv noverdi på 3 751 103 kroner. Utan elsertifikatinntekt får me ein negativ noverdi på 1 243 555 kroner. Utbyggingsmodell 1 har ein eigenkapitalavkasting på 4,82% utan elsertifikatinntekt. Med elsertifikatinntekt har grunneigarane ein eigenkapitalavkasting på 25,89%. Eigenkapitalkravet på 7,67% etter skatt fortel oss at utan elsertifikatinntekt er investeringa ulønsam og lønsam med elsertifikatinntekt. Utbyggingsmodell 2 har ein ein eigenkapitalavkasting på 3,81% utan elsertifikatinntekt, etter resultatfordeling med grunneigarane. Med elsertifikatinntekt har referansebedrifta ein eigenkapitalavkasting på 7,54% etter resultatfordeling med grunneigarar. Eigenkapitalkravet deira på 7,3% etter skatt fortel oss at utan elsertifikatinntekt er ikkje prosjektet lønsamt, men med elsertifikatinntekt er prosjektet lønsamt. Hovudfaktoren for gjennomføring av denne investeringa er om prosjektet fell inn under elsertifikatordninga.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectressurskartleggingnb_NO
dc.subjectressursgrunnlagnb_NO
dc.subjectvannkraftnb_NO
dc.subjectutbyggingnb_NO
dc.subjectaustreimelvanb_NO
dc.titleKonseptstudie av Austreimselva Ressurskartlegging, tekniske val og økonomisk analysenb_NO
dc.title.alternativeConcept Study of Austreimselva Resource Mapping, Technical Choices and Economic Analysisnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber109nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel