Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorOlsen, Jonas Selås
dc.date.accessioned2014-07-08T09:09:37Z
dc.date.available2014-07-08T09:09:37Z
dc.date.issued2014-07-08
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/197239
dc.description.abstractDenne masteravhandlinga tek føre seg mi eiga strategiske læring knytt til ein studie av gitaristen Matt Schofield. Studien har eit etnografisk og auto-etnografisk perspektiv og bygger på teoriar om strategisk læring, imitasjon, uformell læring og modellæring. Gjennom bruk av metodar som planking, imitasjon og transkripsjon har eg analysert og lært meg ein del av musikken til Schofield. Eg ser på kva som særpregar han som gitarist og kvifor han framstår som eit føredøme for meg. Eigen øving er dokumentert gjennom loggar som er grunnlag for analyse og refleksjon over min læringsprosess. Slik har eg funne ut kva som karakteriserer mi strategiske læring. Eg nyttar meg av lærings-, studie- og metakognitive strategiar. Læringsstrategiane kan delast inn i utveljings-, organiserings- og integreringsstrategiar som eg finn at alle er tilstades både på eit heilskaps- og detaljnivå. Heilskapsnivået er å sette musikken inn i ein større kontekst, medan detaljnivået er knytt til arbeidet med ei spesifikk låt og innhaldet i den. Det er heile tida eit samspel og ei veksling mellom dei to nivåa. Studiestrategiane motiverer og legg til rette for ei god gjennomføring av øvinga. Mine metakognitive strategiar styrer bruken av lærings- og studiestrategiane. Eg finn at øvingsarbeidet går inn i ei fast form og ein mal som eg held meg til i det vidare arbeidet. Strategibruken går frå å vera medviten til å verta automatisert og eg tek digitale verktøy i bruk der dei kan vera til nytte. Andre funn omfattar korleis kroppsleggjering av øvingsstoffet, fysisk og mental førebuing, tid, rammer og mål for øvinga verkar inn på situasjonen og resultatet. I det siste kapitlet freistar eg å fokusere på forbetringspunkt både i høve framtidig øvingspraksis og -vanar, og mi framtidige undervisning som instrumentalpedagog.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectIKTnb_NO
dc.titleStrategisk læring i ein musikar si utviklingnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel