Rettleiing for å fremje motivasjon
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/196574Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne oppgåva er temaet rettleiing og motivasjon. I Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver (2011) står det at styrar og pedagogisk leiar har ansvar for å rettleie personalet mot å få ei felles forståing av barnehagens ansvar og oppgåver. Rettleiing skal bidra til at den som blir rettleia får auka refleksjon og bevisstheit rundt dei relasjonane og konteksten han eller ho er i (Birkeland & Carson, 2013). Gode barnehagar er avhengig av kompetansen og motivasjonen til personalet (NOU, 2012). Eit motivert personale er altså noko barnehagen er avhengig av. Føremålet med oppgåva er å undersøke om det er mogeleg å motivere og halde medarbeidarane i barnehagen motivert ved hjelp av rettleiing. Eg vil finne ut kva pedagogiske leiarar tenker om rettleiing og motivasjon, og korleis dei jobbar med rettleiing av medarbeidarane sine. Ser dei samanhengar mellom rettleiing og motivasjon?
Beskrivelse
Førskulelærarutdanning
SF3-312
Mai 2014