Synleggjering av fagleg innhald i barnehagen
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/196420Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Problemstillinga mi er som følgjande: «Korleis synleggjer pedagogisk leiar det faglege innhaldet i barnehagen til foreldre i kvardagen?». Som ein kan sjå ut i frå problemstillinga mi har eg valt å ha eit ekstra fokus på den pedagogiske leiaren si rolle i forhold til synleggjeringa. Dette har eg gjort av to grunnar. Den eine er at bacheloroppgåva er eit utgangspunkt i faget pedagogisk leiing, og den andre er at pedagogisk leiar er ei stilling eg sannsynlegvis kjem til å inneha i framtida. Ein kan derfor seie at denne oppgåva er ein del av eit meir langsiktig syn, for min del, der eg tenkjer at eg kan bruke det eg finn ut i denne oppgåva, og ta det med meg vidare ut i arbeid i barnehagen. I barnehagelova har samfunnet lovfesta kravet om førskulelærarkompetanse i stillinga som pedagogisk leiar (Bjerkestrand & Pålerud, 2007). Derfor var alle dei pedagogiske leiarane eg intervjua utdanna førskulelærarar
Beskrivelse
Førskulelærarutdanning
SF3-312
Mai, 2014