Barnehagen og barneverntenesta- eit betydingsfullt samarbeid : ei oppgåve om samarbeidet mellom barnehagen og barneverntenesta
Abstract
I denne oppgåva har eg valgt å fokusere på samarbeidet mellom barnehagen og barnevernet. Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn som lev under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid (Kunnskapsdepartementet, 2011). For å kunne ta hand om desse barna er barnevernet avhengig av å få opplysningar frå andre. Dei ansatte i barnehagen er i ein sentral posisjon i forhold til å kunne observere og motta informasjon om barns omsorgs- og livssituasjon grunna sin daglege og nære kontakt med både barn og foreldre (Bunkholdt & Sandbæk, 2008). Det er derfor viktig at dei ansatte i barnehagen oppfyller opplysningsplikta når den inntrer og gir opplysningar til barnevernet. Likevel viser bufetat (2012) til tal som seier barnehagen står for berre fem prosent av bekymringsmeldingane til barnevernet. På grunnlag av dette kan ein stille seg spørsmål om samarbeidet mellom barnehagen og barnevernet er godt nok?
Description
Førskulelærarutdanning
SF3-312
Mai, 2014