Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTveit, Anne Berit Skipevåg
dc.date.accessioned2012-06-12T13:12:42Z
dc.date.available2012-06-12T13:12:42Z
dc.date.issued2012-06-12
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152416
dc.description.abstractOppgåva har tittelen Wiki i ungdomsskulen og tilpassa opplæring. Korleis leggje til rette for tilpassa opplæring gjennom bruk av wiki? Som tittelen tilseier er dette ein freistnad på å finne ut korleis det digitale verktøyet wiki kan nyttast med tanke på å tilpasse undervisninga til elevane sine føresetnader. Gjennom ein kasusstudie følgjer eg ei gruppe elevar i 9. klasse når dei lagar ein wiki omkring temaet alkohol, narkotika og røyking. Eg har nytta aksjonsforsking som metode då noko av målet med denne undersøkinga var at ho skulle vera nyttig for deltakarane medan ho føregjekk og at ho skulle betre praksisen. Samstundes var det eit mål at arbeidet mitt skulle medverke til inspirasjon til refleksjon og handling for deltakarane. For å kunne seie noko om i kva grad wiki kan leggje til rette for tilpassa opplæring, har eg undersøkt og analysert følgjande kriterium: Motivasjon, meistring og samarbeid. Elevane sitt læringsutbyte knytta til digitale dugleikar, samarbeid og fag er også sentralt i undersøkinga mi. Empirien har blitt samla inn ved hjelp av kvalitative metodar som observasjon av læringsmiljøet og intervju av elevar og lærarar som har delteke i prosjektet. Wikiprosjektet vert skildra ut frå sosiokulturelle perspektiv på læring der sosialt samspel og interaksjon med andre menneske står sentralt, noko som web 2.0-verktøy legg til rette for. Prosjektet byggjer også på CSCL-paradigmet om digitale samarbeidsverktøy i samband med læring og læringsmiljø. Oppgåva tek også føre seg ulik teori knytta til motivasjon og meistring då dette er viktige kriterier for å seie noko om tilpassa opplæring. Hovudfunn i empirien er at inngongsterskelen for å ta i bruk wiki er låg. Motivasjonen til elevane er difor i utgongspunktet høg og forventningane om å meistre dette verktøyet er høge. Dette heng mellom anna saman med at dette verktøyet har felles kjenneteikn med andre web2.0 – verktøy som elevane gjer seg nytte av utanfor skulen. Gjennom å utvikle wikien får elevane høve til å samarbeide og såleis oppøve seg ferdigheiter i høve til kommunikasjon og samhandling. Elevane kan gi hjelp og støtte til kvarandre gjennom denne prosessen og fordele arbeidsoppgåver etter elevane sine evner og utviklingsnivå. Lite energi vart nytta på sjølve verktøyet og følgjeleg kan elevane konsentrere seg om det faglege innhaldet. Undersøkinga mi Masteroppgåve IKT i læring Anne Berit Skipevåg Tveit 6 tyder likevel på at storparten av elevane ikkje opparbeidde seg eit tilstrekkeleg fagleg læringsutbyte gjennom å bruke wiki som verktøy. Dette vart målt gjennom gruppepresentasjonar der elevane skulle gjere greie for sitt emne. Dei fleste gruppepresentasjonane viste fagleg kompetanse om emna deira på eit middels nivå. Det ser ut til at elevane treng øving i det å ta felles ansvar for å arbeide kollektivt og i ferdigheiter som skal gjere dei i stand til å meistre frie arbeidsformer. Denne øvinga får elevane i høgste grad gjennom å arbeide med wiki. Elevane fekk gjennom arbeidet med wikien øving i samarbeid, dei var motiverte og dei opplevde meistring. Ut frå dette vert konklusjonen at elevane fekk ei opplæring tilpassa deira evner og utviklingsnivå slik at dei har utvikla kompetanse mellom anna innan samarbeid og digitale ferdigheiter. Det faglege læringsutbytet ser ut til å vere middels, noko som truleg heng saman med at den observerte motivasjonen var knytta meir til det å arbeide med eit digitalt verktøy enn til det faglege innhaldet.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectIKTno_NO
dc.titleWiki i ungdomsskulen og tilpassa opplæring: Korleis leggje til rette for tilpassa opplæring gjennom bruk av wiki?no_NO
dc.typeMaster thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel